Ein kan seie mykje rart om NRKs «Underholdningsavdelingen» – statskanalens tilsvar til «Torsdag kveld fra Nydalen». Men noko av det absolutt beste som har oppstått derfrå er Vidar Magnussen og Bjarte Tjøstheims «Sherlock»-parodi frå tidlegare i år (i botnen av artikkelen).

No er det Matthew McConaughey i «True Detective» som står for tur – i samanheng med kveldens Komipris-utdeling på NRK. Filter har fått kasta sine grådige auger på heile introen, som me meiner er nydeleg. NRK Underholdnings prosjektleiar Christian Finnskog seier dette om kveldens klipp:

– Ideen er først og fremst eit resultat av Vidars, skal vi seie, interessante hjerne. Legg så til ein produsent som overhovud ikkje klarte å seie nei på grunn av ein komisk sjokktilstand.

Vidar Magnussen som Matthew McConaughey. (Foto: NRK)
Vidar Magnussen som «True Detectives» Rust Cohle. (Foto: NRK)

Finnskog forklarar at det heile opna med ein idé om at Magnussen skulle synge «Milkshake» av Kelis medan han parodierte Jack Nicholson, men at imitatoren i staden ville vere ein «True Comedian».

– Men dette er berre starten. Me snakkar to meter høge ostar som dansar.

Som ein liten smakebit kan du no få eit outtake frå kveldens 4 minutter lange introfilm under her. I toppen finner du opningsnummeret til programmet.

Om du treng meir, så har Magnussen også lagt ut andre utdrag på Instagram-kontoen sin.

Magnussen og NRK er ikkje dei einaste som har forsøkt seg på den karakteristiske HBO-serien, som har blitt mykje parodiert dei siste månadane.

Blant anna komikarane Patton Oswalt, Joel McHale, Seth Rogen og Jimmy Kimmel har gjort forsøk, men er det eigentleg nokon som har klart å fange Rust Cohles ville auger heilt på den same måten som Magnussen?

Vi legger til hele klippet så snart det har gått på tv, i kveld klokken 20.55.

Bonusklipp: «Underholdningsavdelingen» gleder «Sherlock»-fans som er glad i homoerotikk.