Alt i opningsscena til «Game of Thrones» skjønte eg at noko veldig riktig hadde blitt gjort. Idet tre ukjente ryttarar rir utanfor det som ser ut til å vere ein mange hundre meter høg vegg av is og stein var eg alt fjetra framfor skjermen, og kunne knappast vente på forklaringa til dette storslåtte miljøet.

HBO har i mange år vore premissleverandør på tv-serie-marknaden, og sjølv om dei i dei siste åra har fått kraftig konkurranse frå både Showtime og AMC, har dei ikkje slutta å levere. «Game of Thrones» har NRK-premiere i kveld, og er difor endeleg tilgjengeleg for det breie lag av befolkninga.

«Game of Thrones» er den beste varianten av fantasy, altså ikkje den varianten som har alvar for alvane si skuld, og dvergar for å få inn ein skotsk aksent her og der. På same måte som «Battlestar Galactica» er «Mormons bok» tilfeldigvis satt …IN SPACE (åtvaring: TVTropes-link), så er «Game of Thrones» ein versjon av «Sopranos» som tilfeldigvis inneheld mange slott — og ein og anna drake.

Riket Westeros — som med litt godvilje kan likne på eit mildt overnaturleg middelalder-England — er sju regionar styrt av Kong Robert Baratheon (Mark Addy). Då hans høgre hand dør, reiser han til Eddard Stark (Sean Bean), ein hederleg nordbuar, for å rekruttere han til stillinga. Motvillig reiser Eddard til hovudstaden Kings Landing for å ta på seg den ærefulle rolla. Der viser det seg at Kong Robert hadde fleire problem enn han har oppgitt, kongen er nedtynga i gjeld og det hintast til at skjulte farer lurer både internt slottsgangane, og frå meir barbariske delar av verda.

Verda er basert på George R. R. Martins bokunivers, og første sesong ligg tett opptil den første boka i serien.

Rollegalleriet er som ein pose twist. Våre heltar og skurkar er mange, veldefinerte og såpass varierte at alle kan ha sin favoritt — anten det er den ærefryktige Daim-Eddard, eller Nougat-Arya. Peter Dinklage som Tyrion Lannister er aller best, den namngjetne twistbiten som ingen får, fordi nokon andre alltid har teke den først. Joffrey Lannister (Jack Gleeson) derimot, er banansjokoladen, den som alltid vert liggande att på botnen av skåla fordi ingen likar han.

Gleeson skal ha skryt for å spele den største drittsekken eg nokon gong har sett på TV, han spelar den nemleg fantastisk godt.

For å plante ned dette store universet må det mykje eksposisjon til. Og dette er óg seriens kanskje største problem. Det tek fort ein fem-seks episodar før ein mentalt har fått plassert alle politiske forhold, seksuelle forhold og familieforhold (og alt derimellom). Vegen dit er strødd med mange gode scener og interessant plott, men om du er typen som har vansker for å hugse namn og ansiktet til nye bekjentskaper på fest, kan litt bakgrunnslesing vere tingen (linken har episode-spesifikke guidar for å gjere det så spoilerfritt som mogeleg).

Estetisk sett har serien litt å gå på til for eksempel «Sopranos». Den verkar ikkje like sjølvsikker i kameraføring og uttrykk. Men produksjonsmessig er det lite å seie på: miljø, kulisser og kostymer ser fantastisk ut — anten dei er handfaste, eller meisterfull, diskret CGI.

Men det serien kanskje manglar cinematografisk, tek det igjen med grafisk vald og grafisk sex. Her får du ikkje berre levert fagre bryst og nakne kvinnekurver — som omtrent er daglegdags affære i seriar for tida — men óg ein god handfull penisar frå blant andre veslebroren til Lily Allen. Nakenheit i sentrale, naturlege roller er ikkje uvanleg i HBO-seriar — sjå berre på strippebulene og bordella i «Sopranos», «Deadwood» og «Boardwalk Empire» — men saman med avkappa lemmer og sprutande blod er det ikkje akkurat bornevennleg.

Med andre ord, dersom du tok med den 10-årige veslesystera di for å sjå «Ringenes Herre»-premiera i 2001 går det nok bra. Dersom den 10-årige veslesystera di først såg filmane på Blu-Ray i 2011 er kanskje ikkje dette serien for ho.

Samanlikningar med «Ringenes Herre» for øvrig er ikkje passande. Dette er ikkje den actiondrivne fantasyen med fokus på magi og kamp, men heller staden eit politisk spel med brynjer og taffelmusikk. Fantastiske figurar spelt av sensasjonelle skodespelarar i eit unikt univers gjer til at «Game of Thrones» kanskje er det beste innan fantasy på TV-skjermen til no.

Andre sesong av TV-serien er klar i vår, men første sesong kjem til norske TV-skjermar alt i morgon. Sjølv klarte eg ikkje å vente, og kjøpte raskt inn bøkene for gradvis konsumering som oppladning TV-seriens andre sesong. I bøkene finn du i tillegg detaljane som ikkje vert fanga opp i TV-seriens av og til litt begrensa uttrykk, og ein rikare versjon av verda «Game of Thrones» foregår i.

Eit ypperleg supplement til ein ypperleg TV-serie!