Sony klarte ikkje å modellere «Amazing Spider-Man» etter Marvels superheltfilmar, og prøver no noko nytt.

Kanskje inspirert av Universals forsøk på å gjere sine klassiske filmmonster – startande med «Dracula Untold» – til ein langvarig franchise, skal dei no forsøke å gjere det same med ei nylansering av Robin Hood, melder The Hollywood Reporter.

Sony skal vere midt i ein milliondollarsbudrunde med Cory Goodman og Jeremy Lott, om ein serie filmar basert rundt Robin Hood og hans Merry MenLille-Jon, Broder Tuck, Will Scarlett, og så vidare. Prosjektet har fått namnet «Hood».

THR seier at tonen filmskaparane ynskjer å gå etter, er i same bane som «Fast & Furious» og «Mission Impossible» – som vel i bunn og grunn betyr hardtslående action i storslåtte set pieces, utan eit tal på kor mange filmar det skal ende opp som.

Det blir sikkert litt mindre humor enn i «Robin Hood: Men in Tights» fra 1993.
Det blir sikkert litt mindre humor enn i «Robin Hood: Men in Tights» fra 1993.

Etter at «Amazing Spider-Man»-oppfølgjarane og -spinoffane i sumar vart utsatt, er nok dette eit forsøk på å lage eit anna større filmunivers for Sony. Marvel/Disney har tjent enorme pengar på dei ti filmane dei alt har laga – og har minst fem filmar til, så dei har iallfall eit forsprang (og ein rekkje hemmelege våpen).

Lott arbeider for tida på «The Falling», en overnaturlig mysteriefilm med Zac Efron i spissen. Goodman har tidlegare skrive apokalypseactionen «Priest» med Paul Bettany i hovudrolla, og fantasyeposet «The Last With Hunter» som er på veg med Vin Diesel i hovudrolla – og skal også reboote «Underworld»-franchisen (fordi).

Om me skal ta «Priest» som ei temperaturmåling, så kan det bli pent – men altfor sjølvhøgtideleg. Hollywood – det er ikkje nødvendigvis dette me trenger no.