Denne saken ble opprinnelig skrevet av Andreas Hadsel Opsvik (nå journalist i Filmpolitiet, NRK, dessverre for oss) i februar 2012. Vi republiserer i forbindelse med premieren på «Sherlock» sesong tre på NRK i kveld kl. 22.10.

Dersom du no nett er ferdig med å sjå serien Sherlock har eg to ting å seie til deg: «Gratulerer!», samt «Kva trur du hendte på slutten av tredje episode?».

Etter den britiske visninga av episoden har internettet summa taktfast med teoriar og antakingar om kva serieskapar og manusforfattar Steven Moffat har planlagt for Sherlock Holmes si framtid.

For å gjenfortelje: Sesongen avslutta med Watson som sørger ved Sherlocks grav, då me plutseleg ser Sherlock betrakte situasjonen frå avstand. Mannen var ikkje død! Etter sigande å ha blitt dratt ned i søla av Moriarty, som har brukt mange år av livet sitt på å planleggje det ultimate karakterdrapet, visar det seg altså at Sherlock sitt sjølvmord var forfalska.

Men korleis gjorde han det?

Lat oss starte med å gå direkte til kjeldene: Episoden «Reichenbach Fall» er basert på Sherlock Holmes-historia «The Final Problem». Novella tek for seg nokre av dei same tema som TV-serien, og er – som alle historiene – fortalt gjennom Watsons dagbok (blogg?). «The Final Problem» avsluttast med ein klimaktisk kamp mellom Moriarty og Sherlock ved Reichenbachfossen (The Reichenbach Fall) i Sveits.

Kampen endar tilsynelatande med at Sherlock tek Moriarty med i fallet, mot steingrunnen i botnen av fossen, og den sikre død. Opprinneleg skulle dette vere forfattar Arthur Conan Doyle si siste Sherlock-historie, fordi han ville konsentrere seg om andre prosjekt, og tenkte at å drepe Sherlock var den greiaste måten å legge ballen død på.

Dette vart sjølvsagt ikkje godt motteke av publikum, som gjerne ville ha meir Sherlock, og etter press returnerte meisterdetektiven sjølv i «The Adventure of the Empty House», der det viste seg at han hadde kasta Moriarty utanfor stupet og sjølv sluppe unna ved å klatre opp fjellet ved sidan av.

Etter dette kler han seg ut som ein gammal boksamlar og avslører seg til slutt for Watson.

Det nøye planlagte liksom-drapet var med andre ord opphavleg ikkje særleg godt planlagt, så det er lite ein kan hente frå Conan Doyle si historie som direkte påverkar TV-serien. Det ein derimot kan hente frå bokas verd, er at Mycroft i novella kjente til at Sherlock ikkje eigentleg var død.

Ein anna parallell som er lett å dra frå denne historia er at Moriarty faktisk døydde i fallet, så han kjem neppe tilbake i tredje sesong. Med mindre den verkelege Moriarty framleis ikkje har vist seg, sjølvsagt…

Andrew Scott som Moriarty - Sherlock

Tilbake til sjølvmordet: Som nevnt er internettet fullt av teoriar rundt dette. Eg har kokt dette ned til to hovudkategoriar:

  1. Liket som vart funne er Sherlock, men han var ikkje død
  2. Liket som vart funne er ikkje Sherlock, ergo er ikkje Sherlock død

Me tek Kategori 1 først: Sherlock veit akkurat kva kroppen hans toler. Han har i mange år piska lik, hatt døde hovud i kjøleskapet, og testa kroppen sin for diverse stimuli – både ytre og indre. Han har med andre ord falt slik at han veit han overlever, sjølv om han vert skada, og nyttar si kontakt med Molly (som han ville spørje om noko viktig tidlegare i episoden) – og Mycroft (som hjelper han for å døyve eiga skuldkjensle) for å fake seg gjennom likhuset uoppdaga.

Men korleis fakar han manglande puls ovenfor ein legeveteran som Watson? Eit kjend triks for å stanse pulsen til armen sin er å legge ein gummiball under armhola, til dømes ein slik gummiball som ein ser Sherlock leike med tidlegare i episoden:

Greit, denne er litt svak, men det er trass alt Sherlock Holmes me snakkar om her – og om ikkje, kvifor skulle dei ta med shotet av Sherlock som sprett ball? Mitt største ankepunkt mot denne teorien er rett og slett at filminga i serien verkar å vere motseie dette.

Kroppen som landar på vegen ligg i ei anna retning enn korleis det ville vere naturleg for Sherlock å lande etter at han kastar seg utanfor huset.

Difor, til den teorikategorien som verkar mest logisk, kategori 2: Sherlock har allereie vist at han har kontakter djupt inni diverse miljø. Sjølv om det er mest blant uteliggarar, reknar eg med at han kan få hjelp til å hoppe oppi ein søppelbil, og samtidig få nokon til å dumpe eit ferskt lik – sminka og fiksa på for å likne Sherlock – frå likhuset (tenesta frå Molly?) – i den same bilen.

Dette spesielt om ein antek at Mycroft – som i boka – er med på planleggjinga, og vil hjelpe broren. Sherlock ville jo at Watson skulle stå på ein ganske spesifikk stad då dei snakka saman på telefonen, ein stad som skjular staden Sherlock vil lande, på grunn av ei rekke av garasjar som blokkerar vegen framfor sjukehuset.

Syklisten som kræsjar i Watson – kanskje ein av Mycrofts lakeiar – kan i tillegg ha gitt han ei skjult sprøyte med noko lett bedøvande, for å gjere han ekstra fortumla.

Ein av delteoriane er at dette liket i tillegg er liket av Moriarty, med maska Moriarty nytta for å likne på Sherlock (som óg er årsaken til at den vesle jenta var så forskrekka av å sjå Sherlock tidlegare i episoden). Dette forklarar korleis ingen har reagert på at liket var kaldare enn det burde ha vore. Dette er dog litt vanskeleg å planleggje for.

Sjølv om Sherlock – i likskap med Batman – alltid antek utgangen av alle situasjonar, er det vel heller lite sannsynleg at han kan ha planlagt for at Moriarty skyt seg sjølv, og har med maska si. Men å finne ut korleis ein sjølv skal forsvinne frå jordas overflate er tydelegvis litt enklare.

Men alle desse teoriane er kun spekulasjonar frå vår side. Manusforfattar Steven Moffat har i eit intervju med The Guardian sagt at det er éin detalj alle overser når dei skal finne ut korleis Sherlock klarte å fake dødsfallet sitt (eg håpar det er gummiballen). Dog, Steven Moffat har med vilje skapt forvirring om både «Sherlock» og Doctor Who tidlegare, så kven veit?

Det einaste hintet me faktisk har fått er denne tweeten frå Mark Gatiss – som i tillegg til å spele Mycroft, skriv manus og produserar serien:

 

Svaret er altså dette:

Så, kva trur du? Lik med maske, Sherlocks forståelse for menneskekroppens begrensingar, eller noko heilt anna?

Du kan sjå heile scena om igjen, og poste dine teoriar i kommentarfeltet under:

Sesong tre av «Sherlock» begynner på NRK1 kl. 22.10 i kveld.