Aksel Hennies roller i «Hercules» og den siste sesongen av «24» bærer frukter. No skal han spele i den komande filmen til Ridley Scott, «The Martian», melder The Wrap.

Saman med Donald Glover («Community») er han nyleg tillagt castet på filmen, med Matt Damon i hovudrolla som ein stranda astronaut på Mars, tvungen til å halde seg levande lenge nok til å bli redda. Hennie skal spele ein av redningsastronautane, Glover skal spele ungt bakkemannskap hjå NASA.

Frå før er også Jessica Chastain («Zero Dark Thirty»), Jeff Daniels («The Newsroom»), Kristen Wiig («Bridesmaids»), Kate Mara («House of Cards»), Michael Peña («End of Watch»), og Mackenzie Davis («Pirates of the Caribbean») tilknytta filmen i ulike roller – med Chastain som leiaren av redningsteamet, og Daniels som NASA-sjef.

Donald Glover i «Community». (Foto: NBC)
Donald Glover i «Community». (Foto: NBC)

Manuset er av Drew Goddard («Buffy», «Cabin in the Woods»), basert på Andy Weir-boka med same namn – og Ridley Scott tok over regissør-jobben i mai i fjor, etter å ha dytta til sides prosjekt som «Prometheus 2».

Filmen er produsert av Simon Kinberg («X-Men: First Class», «Star Wars Rebels») og Ridley Scott sjølv.

«The Martian» er planlagd for premiere november 2015.