«Parks and Recreation» nærmar seg slutten. Komiserien frå parkvesenet i den vesle amerikanske byen Pawnee, Indiana er i gang med innspelinga av sin sjuande og siste sesong – med folk som Chris Pratt, Amy Poehler og Nick Offerman i sentrale roller.

Samtidig, ein heilt anna stad: På Brooklyn Music Academy i helga vart filmen «Fitzcarraldo» vist – med regissør og manusforfattar Werner Herzog i ein spørsmålsrunde etterpå. Hans dronande, tyske aksent var nok sentral – som her om innspelinga av nettopp «Fitzcarraldo».

Korleis er desse to tinga knytt saman, seier du?

Idet Herzog sa at den einaste andre personen som kunne ha laga «Fitzcarraldo» – den prisbelønte historia om gummibaronen Fitzgerald som er besatt av tanken på å flytte eit dampskip opp eit fjell i den søramerikanske jungelen – var Kong Ludvig II av Bayern.

Idet Ludvigs Neuschwanstein-slott vart vist på skjermen, vart Herzog – ifølgje Flavorwire – med eitt mint på det berømte Disney-slottet:

– Veit, du, for berre ti dagar sidan hadde eg ei lita cameorolle i ein tv-program som heiter «Parks and Recreation»? Eg speler ein eldre mann som selgjer sitt nedslitte hus til det unge paret i hovudrollene, og direkte til kamera snakkar eg til publikum og seier:

– You know, I lived in this home for 47 years. And I decided to move out now and sell this because I’m moving to Orlando, Florida, to be close to Disney World.

Tidenes cameo?

Eg valde å late sitatet stå på engelsk, fordi det gjerne er slik ein er vand til å høyre Werner Herzog – som den monotone, knirkete, stoiske, tyskklingande stemma som ligg over fleire av hans dokumentarar og intervju. Stemma er også kjend frå uttallege parodiar.

Kven er denne mannen eigentleg? Eit av klippa som gjerne vert nytta for å beskrive han er dette intervjuet frå BBCs Mark Kermode i 2006, der Herzog blir skoten av eit luftgevær – og reagerer som om han vart biten av ein mygg.

Me har allereie laga ein artikkel med dei 10 beste Youtube-augneblinka med Herzog, men om du ikkje allereie har falt for denne mannen, les dette sitatet frå kvelden i Brooklyn.

Facts really do not really constitute truth, per se. I seek an ecstasy of truth.

Ein mann av velvalde ord, der altså – hvis neste film er filmatiseringa av «Vernon God Little». I Noreg går nye episodar av «Parks and Recreation» på C More Series, som kjem på igjen i 2015.