I ei popkulturell verd der reboots, tv-adapsjonar, og oppfølgjarar 15-20 år etter er daglegdags – og lettare utskjelt – er det nesten rart at så mange har ynskt David Lynch sin tilbakekomst til «Twin Peaks» velkomen.

TV-serien frå den merkelege småbyen skal halde fram, med ni episodar på Showtime i 2016. Og internett verkar stort sett overbegeistra.

Litt av grunnen er sjølvsagt David Lynch sjølv. Den surrealistiske skaparen er ikkje like aktiv som han tidlegare var – og fansen ventar i spaning på alt han gjer. At det er det same laget som lagde originalen som skal halde fram – i motsetning til for eksempel nylege «Turtles» eller komande «Rosemarys Baby» – hjelper sjølvsagt på.

Mark Frost, medskapar på serien er også med denne gongen. Tydelegvis er den nye oppstarten noko dei no har arbeidd med i tre år:

– Vi prøver ikkje berre å bringe tilbake showet fordi me kan bringe tilbake showet; me gjer det fordi me føler det er noko meir me vil seie med det, og det er det perfekte fartøyet for å uttrykkje dei tankane og kjenslene, seier han til Buzzfeed.

Kven får me møte 25 år etter?

Som avdøde Laura Palmer hinta til i siste episode av andre sesong i 1991 (i artikkelbiletet), så skulle det gå 25 år til me får møte landsbyen igjen – men får me møte nokre av folka me kjenner frå før?

Kyle MacLachlan har iallfall hinta til det. I tillegg til at han sjølvsagt treff på David Lynch innimellom – som i biletet over, tweeta han dette etter nyheita vart kjend:

Det er med andre ord på langt nær utenkjeleg at han kan dukke opp igjen.

Om me skal ta Laura Palmers ord bokstaveleg, så kan det vel vere at skodespelar Sheryl Lee Diamond dukkar opp igjen også – ho er framleis aktiv i faget, dog i mindre roller. Men, ingenting er fastlagt – og verken Lynch eller Frost har uttalt direkte om kven som dukkar opp igjen.

Nokre vil det også vere vanskeleg å få tilbake, fleire skodespelarar er døde, nokre nekta å vere med i «oppfølgjar»-filmen «Fire, Walk with me» allereie i 1992, og nokre har trekt seg attende frå skodespelaryrket.

Men kva får me sjå då?

Dei ni episodane er ikkje ein reboot. Me kjem aldri til ein stad der Kyle MacLachlans agent Cooper vert erstatta av ein av unggutane frå «Game of Thrones», og der Laura Palmer vert spelt av Kim Kardashian. Heldigvis.

– Det ville ikkje ha vore ein remake, det ville ha vore 25 år seinare. Det kan aldri bli ein remake av noko me allereie har gjort, sa Ray Wise ved utgivinga av jubileums-Blu-Rayen tidlegare i år – kanskje med hint om det som skulle kome.

I motsetning til mange andre av nyoppstartane no for tida verkar dei to å ha makta over skapinga sjølv.

– Å kunne skrive neste kapittel så mange år seinare bringer du det mest spennande aspektet ved å vere i live til bordet, at tida går. Alle desse tinga konspirerar saman for å gi oss ei fantastisk mogelegheit til å bringe dette tilbake til live. Forhåpentlegvis for ei heilt ny gruppe menneske.

I ei verd der gamle filmar og tv-serier plutseleg blir oppdatert over ein låg sko – som då både regissør Cameron Crowe og skodespelar John Cusack vart overraska og fornærma over at 80-talsklassikaren «Say Anything» skulle bli ein tv-serie (noko dei raskt fekk slutt på) – er Lynch og co. i ein god posisjon.

Manuset for dei ni episodane vert for tida skrive, og til Buzzfeed vil Mark Frost berre avsløre éin spesifikk ting som skjer:

– Éin ting eg kan garantere at dei får sjå er ein kaffikopp flygande gjennom eit vindauge. Berre for å gi deg ein kvardagsleg ting. Eg håper at folk går vekk frå dette kapittelen med kjensla av at alt heng saman og gir meining.

Mon tru om det er det som hender når agent Cooper får ein kaffikopp han ikkje likar?

Så me veit eigentleg veldig lite om dei ni episodane?

Ja.

Til Buzzfeed fortel Frost at dei i hovudsak er ni episodar på éin time fordi det var så lang den første sesongen var. Ei passande lengde. Han nemner passande nok ikkje noko om andresesongen, som er rekna som dårlegare enn den første – noko Lynch i årevis har skulda på moderkanal ABC for.

– Spørsmålet om kva som hendte med Laura Palmer var gåsa som la gullegget. Så ba ABC oss om å klippe av hovudet til gåsa, noko som drepte gåsa. Og då vart alt vekke. Det skulle aldri vere slik – det var så mykje meir i mysteriet, sa Lynch til Entertainment Weekly i 2007.

Sjølv om dei kanskje ikkje er så begeistra for andresesongen, så er det likevel ein del av mytoset som dei må ta med seg vidare.

Kan det framleis gå ille? Absolutt. Reboots, remakes, og forseinka fortsetjingar har ikkje eit veldig godt rykte for tida, og tryner rett som det er kreativt – sjølv om dei tener mykje pengar, iallfall i kinosalen. 122 kinolanserte remakes mellom 2003 og 2012 tente til saman 12 milliardar dollar.

Showtime ser nok mogelegheita for profitt i dette, men eg er naiv nok til å tru at det ikkje er pengar som er viktigast for David Lynch og Mark Frost:

«Twin Peaks» er ein spesiell måte å sjå på verda. Og dette er ein sjanse til å raffinere den visjonen, så mange år etterpå.

Komponist Angelo Badalamenti er forresten framleis høgst yrkesaktiv, og er forhåpentlegvis tilgjengeleg for dei nye ni episodane – anten han lagar noko nytt, eller held seg til den klassiske introlåta: