• Bli med i vår Oscar-tippekonkurranse! Beste tipper får masse heder og ære, samt en ny iPhone!

Då den norske kortfilmen «Tuba Atlantic» vant student-Oscar i fjor var det ei stor greie. At den óg ble Oscar-nominert desto meir imponerende – men kan filmen til Hallvar Witzø faktisk gå hen og vinne den gjevaste av alle filmstatuettar?

Det er det definitivt ein stor mogelegheit for, i følgje amerikanske ekspertar. Mange av dei utropar «Tuba Atlantic» til favoritt før sundagens store utdeling.

Éin av dei er Peter Harlaub i San Fransisco Chronicle:

— Den mest fremtrendende er «Tuba Atlantic» frå Noreg, som blandar komedier og drama i historia om ein døyande mann som nyttar ukonvensjonelle metodar (ein gigantisk tuba) for å forsone med broren sin.

Filmbloggen IndieWire reknar den norske filmen som det sikraste stikket, blant anna fordi den — i likskap med fjorårets vinnar i same kategori — vann gull i student-Oscar.

— Den er vakkert filma, og manuset har den rette balansen mellom rarheit og hjarte, og klimakset er helt fantastisk, skriv kritiker Christopher Campbell.

Nettstaden Hitfix rosar óg «Tuba Atlantic», og hevdar at den både burde vinne — og kjem til å vinne:

— [Konkurrantene] må kome seg forbi den meir lagdelte komiske «Tuba Atlantic», som er den mest interessante forteljarmessig og teknisk best gjennomførte av dei nominerte.

Også Steve Pond i Reuters hevdar at det norske bidraget har den beste blandinga av humor og sjel.

Gode nyheiter, altså. Men om nokre nordmenn byrjar å kjenne seg for sikre på pris, bør me kanskje dempe forventningane noko, i følgje Andrew Allen, redaktør for nettstaden Short of the Week.

Han påpeiker at kvaliteten på årets kategori er god, og at det er mange varierte sjangre representert — noko som gjer det vanskelegare å spå utfallet.

Short of the Week har for tida en avstemning der leserne kan stemme på sin favoritt blant de nominerte.

— Her leder «Raju» med ei hårsbreidd framfor «The Shore» og norske «Tuba Atlantic», seier han.

Og nettopp «Raju» ser ut til å bli ein stor og viktig utfordrar for «Tuba Atlantic». R. Kurt Osenlund i South Philly Review er blant dei som nevnar «Raju» som den sannsynlege vinnaren, men han har like vel sansen for den norske filmen:

— Filmen tek nok ikkje troféet, men du vert sitjande igjen med eit fårete glis.

Om ein skal ta dei siste ti åra som prognose vert vinnaren anten eit drama med sterk samfunnsfokus, eller koselege filmar med mykje humor. Dette talar til fordel for både «Raju» og «Tuba Atlantic», som verkar å vere to av dei sterkaste filmane i feltet.

Dog, ein stad har «Tuba Atlantic» allereie slått «Raju». Der den norske filmen fekk gull under student-Oscar, fekk nemleg «Raju» bronse i same kategori.

«Tuba Atlantic» er Hallvar Witzøes eksamensfilm frå Filmskolen i Lillehammer.

Oscar-utdelinga foregår natt til måndag 27. februar.