Det er lenge sidan det har vore heilt denne stemninga rundt ein tv-serie. «Star Wars», ja – men det er filmar med mykje bagasje og historie. «True Detective» er ikkje ein gong eitt år gammal, fekk 12 Emmy-nominasjonar i går – blant anna éin nominasjon per hovudperson – og internett stormar kvar gong eit rykte dukkar opp.

– Me held ikkje på nokre hemmelegheiter, så når noko konkret dukkar opp, så får alle vite det. Men alt hittil har vært tomme rykter, seier manusforfattar Nic Pizzoletto til The Daily Beast, som ein kommentar til rykta om Brad Pitt, Jessica Chastain og Josh Brolin i ulike roller.

Det eine ryktet som faktisk verker å stemme er at det er ein sentral person med ein trio rundt seg, som vart rapportert i slutten av juni.

– Det blåste seg litt opp – eg vil seie at det er fire sentrale personar.

– Er nokre av dei kvinner?, spør DailyBeasts Andrew Romano.

– Du får vente og sjå, svarar Pizzolatto, som seier han i desse dagar er omtrent halvferdig med manuset.

Første sesong vart utelukkande regissert av Cary Fukunaga, som tok med seg ei mørk og dystert Louisiana.

Andre sesong kjem til å foregå i California, med fleire regissørar, seier Pizzoletto. Ein av dei kan vere William Friedkin («The French Connection», «Killer Joe»), som seier til The Playlist at han har snakka med «True Detective»-skaparen.

Samtidig, ein heilt anna stad i Hollywood, sat HBO-programsjef Michael Lombardo på ei konferanse og snakka, blant anna om «True Detective».

– Dei to manusa vi har fått… eg hatar å skulle jinxe det, men det er meir spennande enn den første sesongen, seier han til The Wrap.

– Me er i samtalar no om skodespelarar, og eg antek at nokre nyheiter kjem i neste veke. Eg trur at folka me anset kjem til å vere velkjende namn.

Med eit dusin Emmy-nominasjonar på baklomma er det iallfall ingen tvil om at det er forventningar til andre sesongen, som vil starte innspeling i løpet av året. HBO har ikkje offisielt gitt grønt lys for sesong 2, men med fråsegna til Lombardo er det vel berre eit tidsspørsmål.

Det er anteke at sesong 2 av «True Detective» dukkar opp rundt januar 2015. Her i Noreg kan serien sjåast på på HBO Nordic og C More Series.