Uansett kva temperaturen seier, kalenderen er godt på veg inn i haustmørket. Og det betyr at det snart kjem ein «Hunger Games»-film, på same måte som det no har gjort sidan 2012.

I den nest siste av dei fire planlagde filmane om Katniss Everdeens (Jennifer Lawrence) innsats i «The Hunger Games» bryggjer det opp til krig. På den eine sida er ho gallionsfiguren for klasseopprøret, og på den andre sida er hennar tidlegare ven Peeta (Josh Hutcherson) tydeleg blitt eit verktøy for autoriteten.

– Det er tinga me elskar høgast som ender opp med å drepe oss, er president Snow (Donald Sutherland) sine visdomsord til sin største fiende – den unge kvinna som kjemper mot hans styre i det dystopiske landet Panem.

Hunger Games – Peeta (Josh Hutcherson) og president Snow (Donald Sutherland)
Hunger Games – Peeta (Josh Hutcherson) og president Snow (Donald Sutherland)

Rolla til avdøydde Phillip Seymour Hoffman er framleis her, men det er ikkje heilt avklart i kor stor grad han vil påverke den komande filmen. Ein tydeleg skilnad frå bøkene er iallfall klar – Effie Trinket (Elizabeth Banks) har slutta seg til kampen, noko ho ikkje gjer i den opphavlege historia.

Regi er ved Francis Lawrence («I am Legend») som tok over arbeidet til Gary Ross som laga den første filmen. Manus er ved Danny Strong (som du kanskje hugsar som Jonathan frå «Buffy»?) og Peter Craig (som stod bak manuset på Ben Afflecks «The Town»).

«The Hunger Games: Mockingjay – part 1» får norsk premiere den 19. november – og vert fulgt opp av «…part 2» i november 2015.