Fjorårets dokumentarsuksess «The Act of Killing» lot regissør Joshua Oppenheimer fortelje historia om indonesiske dødsskvadronar på 60-talet – gjennom at dødsskvadron-soldatane sjølv gjenskapte hendingane. Det heile er ei særs selsom oppleving, ulik noko du nokosinne har sett før, som med rette vart nominert for ein Oscar for beste dokumentar (men tapte til musikkdokumentaren «20 feet from stardom»).

Snart er oppfølgjaren på plass, «The Look of Silence», der dokumentarregissøren igjen har teke turen til Indonesia, men denne gongen for å fokusere på ofra heller enn mordarane.

Filmen, som i likskap med «The Act of Killing» er co-produsert av norske Piraya Film, følgjer augelegen Adi Rukun på jakt etter – og etter kvart konfrontasjonen med – brorens drapsmenn:

– Ein familie av overlevande finn ut kven som drap sonen deira på grunn av arbeidet mitt med dei første 40 gjerningsmennene. Den yngste broren i familien bestemmer seg for å konfrontere dei som gjorde dette mot broren hans, og filmens handlar om den prosessen, har Oppenheimer sjølv sagt om filmen tidlegare.

Filmen hadde premiere på filmfestivalen i Venezia tidlegare i år, og fekk veldig gode tilbakemeldingar av kritikarane – til trass for at den er nærare ein konvensjonell dokumentar enn «The Act of Killing», er det ei minst like sterk historie.

– Dei involverte ser endeleg ut til å forstå kor fryktelege handlingane deira har vore – noko som òg medførar at dei oftare enn i førstefilmen blir meir var på kamera som er tilstades, skreiv Peter Bradshaw i Guardian, og gav filmen full score.

Etter eiget utsagn vert dette Oppenheimers siste dokumentar frå Indonesia, ettersom han ikkje tør å reise attende dit. Den første filmen vart gjort tilgjengeleg gratis i heile landet, og satte i gang ein debatt som har gjort han uynskt av nokre, men hylla av andre. Ein redaktør for eit større magasin fortalte regissøren kva skilnad filmen hadde gjort:

– Han ringte meg etterpå og sa ‘Josh, eg har sensurert historier om folkedrapa sidan eg fekk denne jobben. Og eg skal slutte med det, for etter å ha sett filmen din innser eg at eg ikkje har lyst til å vere medskuldig som gammal, sa Oppenheimer til SCMP.

«The Look of Silence» får premiere i Noreg januar 2015.