Etter at Netflix viste at ein sanneleg kunne tene pengar på å publisere ein tv-serie hovudsakleg på nett, var det fleire som kasta seg på – også spelkonsollane, i form av Microsofts Xbox og Sonys Playstation.

Xbox Entertainment Studios møtte derimot intern motstand, og la ned alle prosjekt, så nær som «Halo»-serien, men Sony – som har lengre erfaring med film- og tv-produksjon – byrjar no å nærme seg sin første tv-serie, «Powers».

TV-dramaet er basert på superhelttegneserien med samme namn, og omhandlar ein tidlegare superhelt – ein såkalla «Power» – som no har blitt degradert til ordinær politietterforskar. Teikneseria har gått sidan 2000, så det er mykje stoff på lager om Sony skulle bestemme seg for å byggje meir enn éin sesong.

Sentralt er spørsmålet om superheltar eigentleg ville ha gjort verda betre:

– Kva om verda var full av superheltar som ikkje er særleg heroiske i det heile teke? Kva om all den krafta berre var endå ei orsaking for ugagn, kaos, mord og reklameavtaler?

Hovudrolla som Walker blir spelt av Sharlto Copley, og politipartneren hans Deena Pilgrim er spela av Susan Heyward, medan folk som Eddie Izzard, Noah Tailor og Adam Godley utgjer viktige biroller i serien.

Bad hair day for Eddie Izzard i Playstation-serien «Powers».
Bad hair day for Eddie Izzard i Playstation-serien «Powers».

Serien er produsert av Sony Pictures Television, som har teke med seg blant anna regissør David Slade frå tidlegare produksjonar som «Hannibal» og «Breaking Bad».

Traileren viser det ein i dagens mediesamfunn gjerne kallar «gritty» realisme, og utan omtanke til ulike bannesensurar på tradisjonell tv og film verkar det som om konsollpremiera til Sony er skitnare i munnen enn den jamne superhelt. Og det ser jo sanneleg litt kult ut.

Så får me sjå om verda framleis er interessert i superheltar når premiera rullar ut desember. Mr. Iron Man Himself, Robert Downey Jr. – som gjerne er kreditert for å ha hjulpe superheltane fram i mainstreamfilmen – sa nyleg i eit intervju at det byrjer å bli litt gamalt med superheltar no:

– I sumar var det fem-sju forskjellige slike no. Ærleg tala så byrjer heile greia å vise teikn til å frynse i kantane. Det er litt gamalt, seier han til Telegraph.

Gamalt eller ei, «Powers» vil vere gratis for alle med abonnementstenesta Playstation Plus, og første episode vil vere gratis for alle.