I handlinga kan «Young Ones» verke litt som ein motsatt «Waterworld». Vatn er framleis den mest ettertrakta ressursen på planeten, men det er fordi heile jordkloden har tørka inn.

Nicholas Hoult («About a Boy») og Michael Shannon («Man of Steel», «Boardwalk Empire») speler naboar i det som er att av USA etter ei verdsomspennande tørke har slått inn – eit øde, futuristisk westernlandskap.

Ellers speler blant andre Elle Fanning («Super 8»), Kodi Smit-McPhee («The Road») og Aimee Mullins («Crossbones»). Filmen vart vist fram for potensielle selgjarar på Sundance, men det har vore litt stille etter februar. No har derimot heile to trailerar dukka opp – ein for det amerikanske og ein for det franske publikummet.

Cormack McCarthys «No Country for Old Men» og «The Road» møter «There Will Be Blood» – men ikkje fullt så hardbarka som «Mad Max»? Filmen har fått litt blanda mottaking etter Sundance – jamnt over er den sett på som ei historie som prøver å bite over veldig mykje, medan Hoult og Shannon får mykje skryt for sine roller.

Dette er regissør og manusforfattar Jake Paltrow sin første langfilm, som til no har arbeidd hovudsakleg på tv-seriar (som «NYPD Blue» og «Boardwalk Empire»). Han kan skryte av å vere den einaste filmskaparen som Steven Spielberg har reist til Sundance for å sjå, men på den andre sida – som gudfar for Jake er det jo viktig å vere støttande.

Robotane som pryder både plakatar og trailer er basert på den virale nettsuksessen Big Dog, Boston Dynamics sine bruksrobotprototypar.

«Young Ones» verkar planlagd for fransk premiere den 13. august, amerikansk premiere rundt oktober, og har til no ikkje fått noko planlagt Noregspremiere. Her har du to plakatar, som på kvar sine måtar er utruleg stilige:

young-ones-2

young-ones