Visstnok skal den tredje «Taken»-filmen bli den siste historia om eks-agent Bryan Mills, som for alvor satte i gang Liam Neeson sin gjenfødsel som actionstjerne. No er den første traileren for «Taken 3» – eller «Tak3n», ergo artikkeltittelen – som lovar endå fleire eksplosive eventyr.

Film nummer to i rekka – då Olivier Megaton tok over for Pierre Morel som regissør – gjorde ikkje kritikarar så fornøgd, men den raka inn endå fleire pengar enn den førre filmen, noko som sjølvsagt ført til ein tredje film.

Denne gongen må Mills rømme frå myndigheitene – når han blir anklaga for å ha drept si eks-kone.

– Ikkje fleire feriereiser denne gongen. Om dottera mi hadde blitt kidnappa på ein tur igjen, så hadde Bryan Mills måtte blitt innesperra for å vere ein dårleg far, spøka Neeson til USA Today nyleg.

Famke Janssen («Goldeneye», «Hemlock Grove») og Maggie Grace («Lost») gjentek rollene som eks-kone og dotter, og i tillegg spelar Forest Whittaker («The Last King of Scotland», «Ghost Dog») ei ny rolle som politisjefen på hælene etter rømlingen Mills.

Liam Neeson og Maggie Grace i «Tak3n».
Liam Neeson og Maggie Grace i «Taken 3».

«Tak3n» er laga av Luc Bessons («The Fifth Element», «Leon») franske produksjonsselskap, eit slags kollektiv der han arbeider fram actionfilmmanus for unge franske regissørar han har trua på. Dei siste åra er «Brick Mansions» og «Colombiana» eksempel på filmar herfrå – og nylege «Lucy» som Besson regisserte sjølv.

– Eg trur nok dette er slutten, seier Neeson om «Taken»-serien til USA Today.

Me slepp med andre ord «T4ken».

Hans neste film er «Ted 2», oppfølgjaren til Seth McFarlanes kjappkjeftteddybjørnkomedie. «Tak3n» får amerikansk premiere i januar 2015.

Inntil vidare tener Neeson bra på actionkarriera si – det er lite sannsynleg at han satsar for fullt på humoren heilt enno, slik «Life’s too short»-rolla hans gjorde: