Alex Garland er nok best kjend for manuset til «Dredd» og «28 Days Later», men for tida legg han siste hand på verket på sin regidebut, «Ex Machina» – ein sci-fi-film om skiljet mellom mennesker og robotar. Den første traileren dukka opp i dag, og viser blant anna norsk landskap – og staselege robotar.

– Det er god gamaldags sci-fi, seier Garland til Empire.

– Du har to karar, ein kvinneleg robot og ei kvinne, og kva som skjer med dei fire medan dei prøver å finne ut om roboten har ein samvittigheit eller ikkje. Og utforskinga av maskinens samvittigheit fører til at dei må utforske sin eigen. Derfrå blir det trippy og psykedelisk.

Alicia Vikander som Ava i Alex Garlands «Ex Machina».
Alicia Vikander som Ava i Alex Garlands «Ex Machina».

Hovudrolleinnehavarane er Oscar Isaac og Domhnall Gleeson – som båe seinare fekk roller i komande «Star Wars: Episode VII», samt svenske Alicia Vikander som den kunstige intelligensen Ava.

Delar av filmen vart spelt inn i Valldalen på Sunnmøre, som er dei fjelldekte landskapa som dukkar opp i starten av traileren – i seks veker i fjor haust.

– Det må vere eit av dei artigaste prosjekta filma i Noreg på lang, lang tid, sa Sigmund Elias Holm i Vestnorsk filmkommisjon då.

Traileren lovar iallfall bra, og filmen dukkar opp i Noreg den 10. april.