Dei første glimta frå femtesesongen av «Walking Dead» byrjer å dukke opp, for å åtvare oss om dei haltande massene sin tilbakekomst i oktober.
I gårsdagens episode av talkshowet «Talking Dead» viste AMC det første glimtet fra zombieserien, som en forsmak på årets Comic-Con i slutten av juli.
Her får me sjå Carol, Tyreese og Judith reagere på ei komande bølgje av «walkers» i skogen, truleg ikkje så langt unna der me forlot dei i slutten av sesong 4.
På showet ellers snakka serieskaparane litt om den komande sesongen, og kva som er i vente for dei stakkars overlevande.
– Om du set ein gjeng med psykopatar i ein bil, så kjem nokon forferdeleg til å skje til slutt. Så gale som dei er enkeltvis, så kjem me til å gå av som ei atombombe, seier Alana Masterson – som speler Tara.
Saman med Andrew West, som spelar Gareth, og Lauren Cohan, som spelar Maggie, er dei oppgradert til faste medlemmer av tv-programmet denne sesongen som kjem til å vidare handle om trugselen frå organisasjonen Terminus:
– Det er den støre trugselen dei har møtt sålangt. Å vere fanga av folk som openbart er så organisert – dei har ingenting, ikkje ein gong våpen, det blir ein hard tur, sa produsent Denise Huth i går.
Serien haldt fram med å vere kanalen AMCs mest sette tv-program, sjølv midt i «Breaking Bad»-avslutninga, og for tida planlegg dei òg ein spinoff-serie satt i same univers – i tillegg til allereie eksisterande dataspel og andre sideprodukt.
– Me er våre eigne show. Men når me kjem til «all-out war», kven veit kva som kjem til å hende? Me legg til ei gruppe til, det blir Saviours og Hilltop og «Spin-Offers», sa showrunner Scott Gimple til Collider tidlegare i juli.
«All-out war» er eit generelt uttrykk for hard krig, men også namnet på ei spesielt intens historielinje i Robert Kirkmans teikneserie som tv-serien er basert på. Dette kan bli hardt.
«The Walking Dead» startar igjen på AMC i oktober, i Noreg kan serien sjåast på kanalen FOX.