Denne traileren har både Bill Murray og «The Spirit in the Sky» av Norman Greenbaum i seg. Difor har me trua på «St. Vincent».

Neida, men traileren verkar ganske grei likevel.

Filmen fortel historia om den pengelense og forfylte St. Vincent (Murray), som blir møter med Oliver (Jaeden Lieberher) – sonen til den nyinnflytta naboen. Vincent finn ut at han kan tene pengar på å være Olivers barnevakt – og vips, så byrjar eit slags venskap å utvikle seg. #nært #varmt #generasjonsskille

I utgangspunktet verkar dette som ein slags «Drillbit Taylor» (den litt slitne komedien med Owen Wilson, veit du) kryssa med «Garden State» (den av og med Zach Braff, veit du).

Bill Murray har trass alt sagt ja til – det må då bety noko (lat oss håpe at dette ikke blir som den gangen Murray takka ja til «Pusur»-filmen fordi han trodde Coen-brødrene regisserte).

Regissør er den relativt ukjende langfilmdebutanten Ted Melfi, som òg har skrive manus. Melissa McCarthy («Bridesmaids») spiller Olivers mor, Naomi Watts («The Impossible») som Vincents stripperveninne, og Chris O’Dowd («The IT Crowd») som skoleprest.

«St. Vincent» får amerikansk kinopremiere i oktober, det er enno ikkje planlagd noko norsk premieredato.

«The Spirit in the Sky» vart forresten òg brukt i «Guardians of the Galaxy»-traileren frå mai, men båe desse to filmane bleiknar uansett mot Doctor & The Medics fantastiske coverlåt-musikkvideo frå 1986.