Det er knytt mykje spenning til «Gone Girl». Samankomsten mellom regissør David Fincher, thrillerforfattar Gillian Flynn, og skodespelarane Ben Affleck og Rosamund Pike har skapt mykje merksemd – som det gjerne blir når ei fan-elska bok blir til film.
No er ein ny trailer her, som klarar det magiske i å fortelje mykje av kva filmen er utan å fortelje alt kva historie gjer gjer.
Sjølv har eg ikkje lest boka – som gjer meg litt likegyldig til om den har bokas originale slutt, eller ein ny – men det ser likevel ut som eit mogeleg spennande skrudd saman thriller, med spennande folk i alle ledd.
Filmen har inspirert meir samarbeid mellom Flynn og Fincher. Saman skal dei arbeide på ein remake av den britiske serien «Utopia» for HBO.
Samtidig, i Ben-caven sit Affleck og arbeider med regissør Zach Snyder på «Batman vs. Superman» for å gjere alt klart til 2015.
«Gone Girl» får Noregspremiere den 3. oktober.