Kjenner du ikkje namna Pip Anderson og Crystal Clarke seier du? Vel, i byrjinga av 1977 hadde ikkje særleg mange høyrd namnet Mark Hamill heller.

«Star Wars Episode VII» kjem stadig nærare. No har regissør J.J. Abrams og kompani hyra inn nye skodespelarar, sågar to heilt ukjende ansikt.

«Star Wars»-universet har alltid handla om å oppdage og nære ungt talent, og i castinga av «Episode VII» ville me absolutt halde oss trufaste til denne tradisjonen, seier Lucasfilm-produsent Kathleen Kennedy i ei pressemelding.

– Me er begeistra for alle som kom for å treffe oss på dei opne rundane våre, og at Crystal og Pip vart ein del av filmen.

Crystal Clarke er ei amerikanske skodespelerinne som studerer drama i Glasgow, og er nett ferdig med innspelinga av sin første langfilm, «The Moon and the Sun», der ho speler mot blant andre Pierce Brosnan («Goldeneye») og William Hurt («Into the Wild», «Damages»).

Pip Anderson er «internet famous» i enkelte sirklar, nemleg parkourmiljøet, der han er ein aktiv utøver. Som skodespeler har han derimot ikkje like mykje erfaring, men han har tydelegvis imponert på rett stad, til dømes i ei «Spider-Man»-reklame:

Dermed legg Anderson og Clarke seg til ei stadig større liste, som i tillegg til fleire originalskodespelarar blant anna involverar Oscar-vinnar Lupita Nyong’O («12 Years a Slave»), Adam Driver («Girls») og Bergman-veteranen Max von Sydow.

Dei to fekk rollene som følgje av ei utlysning i november i fjor, der Lucasfilm lyste etter ukjende skodespelarar til «Star Wars».

Rollefigurane vart då beskrive som ei sterk og gatesmart jente i slutten av tenåra, og ein intelligent gut i slutten av tenåra, tidleg i tjueåra – utan noko vidare detaljar, ifølgje BBC.

Saman med dei to nye skodespelarane opplyser Lucasfilm òg at Harrison Fords ankelskade ikkje vil forseinke produksjonen anna enn ei to vekers pause i august.

Korvidt dette er på grunn av spekulerte manusomskrivingar eller finurlege omvegar seiest ikkje, men «Star Wars Episode VII» er framleis satt for internasjonal verdspremiere den 18. desember 2015.