Den animerte «Lego-filmen» gav meirsmak for Warner Bros. Først kjem ein «Ninjago»-film i 2015, ein oppfølgjar til Chris Miller/Phil Lord-filmen i 2017, og no har filmselskapet lansert endå to filmar til, melder Slashfilm.

Hittil er ikkje titlane gitt, men det er vel ikkje usannsynleg at dei to filmane – med dato 25. mai 2018, og 24. mai 2019 – blir oppfølgjarane i dei to Lego-seriane.

Den første filmen blei ein kassasuksess for Warner Bros, med eit budsjett på rundt 375 millionar og inntening på nesten 3 milliardar kroner – og fekk i tillegg veldig gode tilbakemeldingar av både anmeldarar og publikum.

Dei fire hovudpersonane i «Ninjago»-filmen.
Dei fire hovudpersonane i «Ninjago»-filmen.

«Det regner kjøttboller» og «21 Jump Street»-regissørane Chris Miller og Phil Lord skal ikkje i utgangspunktet regissere dei komande filmane – men i staden vere oversjåarar for heile Lego-universet – i ei rolle dei sjølv kallar «aktive produsentar»

– Me kjem til å lage eit førsteutkast for manuset saman, Phil og eg, gjennom sumaren og hausten, seier Miller til Collider.

– Vi kjem til å ha kontoret vårt i studioet, Chris [McKay] er like ved, og me kjem til å sjå på versjonar heile tida. Me blir verkeleg involvert.

Chris McKay («Robot Chicken») skal regissere den andre «Lego-filmen», og Charlie Bean («Tron: Uprising») skal regissere plastninjaane i «Ninjago». Førebels er det ikkje kjend noko om skodespelarar, men det er sannsynleg at Chris Pratt («Guardians of the Galaxy», «Parks & Recreation») vil gjenta si rolle som Emmett.

Forresten, ei lita orsaking frå Miller og Lord sånn heilt på tampen:

– Eg beklager så mykje. Eg vil orsake direkte til lesarane. Eg beklager for sangen «Everything is awesome», seier Lord.

– Ironien er vill. «Kva trur du om denne temalåta for eit totalitært regime?» spør vi, og alle andre berre «YAY!», svarar Miller.