Gårsdagens premiere på femte sesong av «The Walking Dead» var hardtslåande og valdeleg – såpass at AMC åtvara sjåarane på førehand, i det som vel eigentleg var eit velskrudd PR-triks.

Men det kan verke som det har fungert, 17,3 millionar samla seg framfor skjermane, ifølgje Hitfix, noko som er ein rekord for kabelkanalen AMC.

«The Walking Dead» er ein av de stadig sjeldnere tv-seriane i dag som kan sjefe publikum rundt, uten å bli kannibalisert av PVR-opptakeren. Kven skulle tru at kannibalisert tv kunne bli innskrenka av kannibal-isert tv? seier AMC-sjef Charlie Collier i ei pressemelding.

Femte sesong plukka opp der fjerde sesong slutta, og viste møtet mellom våre overlevande heltar og gruppa Terminus.

Førre veke vart «The Walking Dead» fornya for ein sjette sesong, og på MIPCOM-konferansa i Cannes i helga gjentok AMC at dei ynskjer å halde fram i ti år om dei får lov:

– Eg håper me sit her i 2022 og diskuterar faktumet at «The Walking Dead» ikkje er ferdig enno, sa AMC-direktør Josh Sapan i fjor (via IGN.

For tida arbeider AMC med ein slags spin-off til serien, frå «Sons of Anarchy»-manusforfatter Dave Erickson – som visstnok skal ta for seg dei tidlegare dagane i zombieapokalypsa.

I Noreg går tv-serien på FOX Norge, som viste premiera i går kveld. Dei rapporterer også om svært gode tall, til tross for fotballkamp samtidig.

For ordens skuld: Filter er eigd av Newslab AS, som har FOX Norge som kunde.