Oppladningen til «The Walking Dead» sin femte sesong har stort sett bestått av serieskapar Robert Kirkman som hardnakka har sagt at dette blir den beste sesongen hittil.

Korvidt det stemmer eller ikkje er det for tidleg å seie, men utfrå den første traileren for sesongen blir det iallfall heftig.

– Det har vore morosamt å kome attende til sinte, «kick-ass» Rick. Det er noko med det å få pistolen tilbake, skorne på, og å bli svett og blodig og det kjennest veldig bra, sa hovudrolleinnehavar Andrew Lincoln på Comic Con-panelet i går, ifølgje Digital Spy.

– Me tilpassar oss. Me er som eit virus, det er difor me overlever, sa Norman Reedus som spiller Daryl Dixon i serien.

Terminus-sekten vil være sentrale denne sesongen, men Kirkman forsikret Comic Con-publikummet om at historien vil trekke seg nærmere tegneserien igjen – etter litt fridikting for tv-serien i fjerde sesong. Men alle var einige om at det blir mørkere, og mer brutalt.

Eller som «Talking Dead»-programleiar Chris Hardwick sa det:

– Less farming, more action!

Femte sesong av «The Walking Dead» får premiere den 12. oktober. I Noreg dukkar den opp på kanalen Fox TV døgnet etter.