Sjå for deg at Steve Irwin er død. Greit, kanskje ikkje så vanskeleg, sidan han faktisk døydde for 6 år sidan. No, sjå for deg at Irwin ikkje døydde av eit stikk frå ei piggrokke, men at han forsvant på mystisk vis i den amazonske jungelen. No byrjar du å nærme deg premisset for den nye TV-serien «The River».

I over 20 år har serien «The Undiscovered Country» med frontfiguren doktor Emmett Cole (Bruce Greenwood) gått sin sigersgang på TV. Med glansbiletet av familia si (Joe Anderson og Leslie Hope), og det undrande mottoet «The Magic’s out there!» er han ein populær figur. Men på ein einsam tur til Amazonaselva forsvinn doktoren og hans vesle crew. Ikkje eit spor vert funne, og han vert anteken død. Men seks månader etter får kone og born signal frå hans personlege alarm, og alle punkter peikar attende til Amazonas. Med kameracrew og vener på slep reiser dei dit for å finne opphavet til alarmen. Så gjenstår det berre å sjå om magien faktisk er der ute ein stad…

«The River» er ansett som ein ny utfordrar til «Lost», ein i utgangspunktet realistisk serie som djuppar både tåa og etter kvart heile foten ned i det mystiske og overnaturlege. Seriane verkar å ha ein del fellespunkt, så om du likte førstnevnte skal du ikkje sjå vekk frå at du finn noko du likar her óg.

Filmverda har lenge vore fullt av såkalla «found footage»-filmar. Og med filmar som «District 9» og «Trolljegeren» har sjangeren fått ein oppsving att dei siste åra. I TV-serie-verda har det derimot ikkje vore like populært. Eit nytt blad kan dermed bli skrive med «The River», som kanskje ikkje er den første, men i alle fall den største TV-serien som nyttar dette som filmatisk verkemiddel.

All filming vert gjort anten av TV-crewet som følgjer, eller av overvakningskamera på båten. Dette er gjort bra, spesielt når kameracrewet får eigne «stemmer» (som den eine kameramannen som har ein forkjærleik for å komponere kameravinklar rundt ekspedisjonens vakre kvinner). Mykje av serien verkar óg å basere seg på båtens — overraskande mange — overvåkningskamera.

Båten verkar som miljø i første episode, men eg ser for meg at det kan verte litt utslitt som verkemiddel om det skal nyttast på same måte i heile serien. Båten «Magus» er nemleg ikkje spennande. Dog, dette er laga av dei same som skapte «Paranormal Activity» — filmen som gjorde eit kvardagsleg hus med overvåkningskamera til ein skrekk-suksess — så kanskje dei framleis har nokre ess i ermet?

Av og til vert notida brutt opp av klipp frå doktorens reiser frå gjenfunne filmkassettar. «I think we just got season two,» uttrykkjer kameramannen når teipane vert funnen, og eg deler hans glede for grepet. «Flashbacka» fungerar fint som oppbrot til notida, og som smått eksposisjon på kvifor Cole vart vekke.

Men kanskje går det litt vél raskt? Denne anmeldinga er basert på den første episoden av serien — ein såkalla pilotepisode (klassisk nok heiter episoden «Pilot»), som ofte lider mellom dilemmaet «fange all merksemd med ein gong» eller «sakte byggje spenning til resten av serien». Ettersom «The River» går på ein kommersiell kanal som ABC (og ikkje ein kabelkanal som HBO) er det tydeleg at valget har falt på førstnevnte. I staden for byggjing av universet er me bokstaveleg talt på elva før det har gått fem minutter (for å vere nøyaktig, 04:47).

Dette fungerar greit for første episode, men eg håpar tempoet roar seg litt når stad og personar er satt. Atmosfæren er derimot veldig fin, den trykkande Amazonas-jungelen er eit godt miljø for ei slik historie, og om dei tør å ta seg tida til å faktisk fortelje noko kan dette bli veldig bra. Det kan vere dei fryktar éin-sesongs-spøkelset og difor vil gjere mest mogeleg på kortast mogeleg tid, men med så mange skjulte agendaer eg kunne finne i berre éin episode verkar det å vere mykje å vise fram.

Dei åtte episodane i første sesong er alt spelt inn, og den første er ein lovande start på det som forhåpentlegvis kan bli ein god variant av «Lost». Lat oss berre håpe at «The River» held seg unna tidsreisande isbjørnar, eller så kan den forespeila magien raskt vise seg å vere verdig ein småfull illusjonist på danskebåten.

Verdspremiera er i kveld på TVNorge Max klokka 22.00. På grunn av datoar og tidssoner vert serien faktisk vist i Noreg før amerikansk TV. Me får derimot berre sjå første episode, medan ABC-publikummet i tillegg får sjå nummer to.