Ti år etter settinga i Sydney Pollacks film «The Firm» slepp advokat Mitch McDeere (Josh Lucas) endeleg ut av vitnebeskyttelsesprogrammet etter at den eine som kan tenkjast å ta hevn for mafiaopprullinga hans døyr. Han skapar seg difor eit nytt tilvære som advokat i Washington D.C. I staden for å arbeide for eit stort firma, har Josh fått ein renommé som ein fantastisk sjølvstendig næringsdrivande advokat, saman med privatdetektiv-broren Ray (Callum Keith Rennie) og sekretærkjærasten hans, Tammy (Juliette Lewis).

Denne kampen for å vere uavhengig av dei store firma er sentral for historia — og forståeleg, med tanke på dei tidlegare erfaringane hans — men han finn seg etter kvart nødt til å bli vener med eit av dei. Lite veit han at dei har større planar for han enn kva han først trur. McDeere er verkeleg nødt til å bli flinkare til å finne arbeidsplassar, han må kanskje vere verdas mest uheldige advokat? Då det i tillegg viser seg at eplet ikkje naudsynt fell langt frå stammen når det gjeld hans tidlegare fiendar heller, lover serien mykje kamp for stakkaren, sjølv med berre to episodar under beltet.

Showrunner for serien «The Firm» er Lukas Reiter, som har produsert og skrive manus for blant anna «Law & Order» og «Boston Legal» tidlegare. Av dei to seriane ligg stemninga nærast «Law & Order», det er meir fokus på dramaet enn humor, men samtidig har den meir fokus på bakhistorie.

John Grisham, som har skrive boka som både filmen og TV-serien er basert på, er executive producer. I intervju har han sagt at han ofte har spurt seg om kva som hendte med McDeere etter filmens (og bokas) slutt, og serien skal vere hans svar på det. For øvrig, showet forklarar greit forhistoria for serien, utan at du må ha fått med deg verken boka eller filmen først.

Josh Lucas er god i hovudrolla si, han tilfører rolla meir enn blå auger og meisla utsjånad. Der rolla til Tom Cruise i originalen var smått cocky og nyutdanna frå Harvard, har Mitch på ti år rukke å bli både ektemann til Abby, far og ein idealistisk advokat. Han kan til tider minne om ein mindre kjepphøg variant av Matthew McConaughey, og passar balansen i serien mellom rettssal og actionscener godt. Ellers fekk eg raskt sansen for Rennies karakter, Ray. Som den litt meir lovlause motparten til Josh, ser eg for meg at han kan bidra med litt sårt trengt street smart, og ein del av seriens humor. Eg ser óg fram til å vite meir om mafiabossens son, som verkar å leve eit dobbeltliv i Chicago.

Kven «The Firm» er retta mot er litt usikkert. Skaparane meiner tydelegvis at filmen frå 90-talet framleis har nok åtgaum til at den kan trekkje sjåarar, men sanninga er at serien mest sannsynleg ikkje trong drahjelp frå ein fordums Tom Cruise for å klare seg. Foreløbig står den greit nok på eigne bein, til trass for ein del rettssalsklisjéar.

Harde dommarar med varme hjarter, forsvararar som arbeider for eigne klientar nesten uavhengig av skuldspørsmål, og mødre som står utanfor salen og ber advokatar om å skamme seg for det dei nett har gjort. Har du sett det før? Ja, mest sannsynleg. Men Grisham har fleire års erfaring frå rettssalen, så om du har sansen for stramme advokatar og velartikulerte avslutningsprosedyrer vil du nok like vel finne mykje snacks her.

Og kva skal dei gjere når mafiaproblemet mest sannsynleg er løyst etter første sesong? Lat oss ikkje håpe det fell i «Prison Break»-fella, og strevar med å finne nytt fotfeste etter at originalpremisset er løyst.

Utan Grishams interessante bakhistorie er nemleg «The Firm» berre Nok Eit Rettssalsdrama.

Eit lite promointervju med Josh Lucas om serien:

  • «The Firm» har premiere i kveld 26. februar, klokka 21.00 på TV3, men vil ha fast sendetid klokka 22.30 på onsdagar