Den dansk-svenske krimserien «Broen» har avlet flere avleggere rundtom i verden, blant annet den fransk-britiske «The Tunnel», og amerikansk-meksikanske «The Bridge».

Der arbeidet på «The Tunnel» førebels ventar på ein andresesong hjå Sky, er «The Bridge» no kansellert etter andre sesong på FX, melder Deadline.

I andre sesong har «The Bridge» gått heilt bort fra seriemordarformelen frå opphavet, og i staden fokusert på narkotikabandar og grensesmugling over grensa mellom Mexico og USA. Kanalen FX var ikkje nøgd med publikumstala på sesongfinalen, og har no stansa produksjonen.

I eit intervju med Filter fortalte manusforfattar og produsent Elwood Reid at han ynskte å lage si eiga historie etter ein ganske opphavstru første sesong.

– Eg ville ikkje vere han fyren som berre laga ein dårlegare versjon av «Broen», sa han og fortalte at studioet i første sesong pressa han til å gjere det veldig likt originalen.

FX-seriane «Tyrant», «The Strain» og Emmy-yndlingen «Fargo» har derimot blitt oppfriska med nye sesongar. Dei har også annonsert «American Horror Story»-sideprosjektet «American Crime Story».

Reid sa tidlegare at han hadde planane klare for både ein tredje og fjerde sesong om det skulle gå så langt – fordi området er såpass rikt på hendingar.

– Eg treng ikkje å bekymre meg for akkurat det, det er mange forteljingar igjen å plukke frå det området. Det er alltid det vanskelege med å styre ein serie, korleis sluttar du sesongane for å få folk til å ha lyst på meir!

Til THR seier kjelder at produksjonsselskapet no leiter etter andre kanalar å halde serien i gang på.

I Noreg går serien på Fox Norge.