Hayao Miyazaki forsøkte å få rettigheitene til å lage ein tv-serie basert på «Pippi Langstrømpe» ein gong på 70-talet takka Astrid Lindgren nei.

Men Miyazaki-familien er tydelegvis standhaftige, og fire tiår etterpå er det sonen Goro som har laga historie basert på «Ronja Røverdatter» – ærverdige Studio Ghiblis første animerte tv-serie.

No har to av episodane blitt sendt på japansk tv, og det er sanneleg ei søt affære. Heile første episode kan sjåast på nett (via TVDags).

Animasjonen er ikkje dei handteikna 2D-animasjonane Studio Ghibli kanskje er best kjend for, men i staden ein 3D-variant som liknar meir på det dei gjorde i spelet «Ni No Kuni». Kanskje ikkje fullt så organisk og levande, men like fullt med eit sterkt Ghibli-preg.

Historia ligg ganske tett opptil den me kjenner frå boka og filmen, men går forholdsvis sakte framover – etter første episode er Mattis-borgen akkurat delt i to. Men i staden for hardbarka, småskitne røvarar får me i staden røvarar med kule hårfrisyrer. Jaja, nokre ting er vel som det plar vere i anime-land.

Dette er ikkje den første nordiske historia som har blitt teke til brystet av japanarane. Filmen «Ponyo» er lettare basert på H.C. Andersens eventyr om «Den lille havfruen», og allereie på 80-talet hadde Studio Pierrot ein tv-serie basert på Alf Prøysens «Teskjekjerringa».

Animasjonsserien «I Mummidalen» er også ein finsk-japansk samproduksjon basert på Tove Janssons figurar.

Korvidt me får sjå «Sanzoku no Musume Ronia» på norsk tv er ikkje sikkert enno – men sjå ikkje vekk frå at svenskane tek den inn.

NYHET! Få gode streamingtips rett i innboksen din – meld deg på vårt nyhetsbrev!