Nyheita om Ben Affleck som Batman fekk heile verda – altså internett – til å først rope «NEEEI»! Etter hvert har kanskje nokre roa seg, og me får stadig fleire blikk på den komande superheltfilmen til Warner Bros og regissør Zack Snyder – «Superman vs. Batman: Dawn of Justice».

No visest ein dyster profil av Batfleck i det siste biletet frå produksjonen, som dukka opp på – kvar ellers? – helgas San Diego Comic-Con.

Sidan Batman er slik ein mørk figur har me lysna opp biletet litt, slik at du kan sjå litt fleire detaljar.

Ben Affleck som Batman. (Foto: Warner Bros/DC)
Kva er dei tre greiene nedi hjørnet? Fingre? (Foto: Warner Bros/DC)

Den øvre delen av drakta er også vist fram på Comic-Con, i ein stor glasmonter (via CinemaBlend.

batfleck-cowl

Filmen er ein oppfølgjar til «Man of Steel» frå i fjor sumar, og er Warner Bros og DC Comics si oppladning til filmen om superheltlaget «League of Justice».

I tillegg til Ben Affleck som Batman, og Henry Cavill som Supermann, er Gal Gadot på plass som Wonder Woman, Jesse Eisenberg som Lex Luthor, og Jason Momoa i ei mindre rolle som Aquaman.

Zack Snyder tweeta også nyleg eit bilete av Henry Cavill med jedihabitt og lyssverd. Kva enn det måtte bety.

Supermann har vore gjort forsøkt på film mange gongar. Mest populært kanskje frå 70- og 80-talsfilmane med Christopher Reeve i hovudrolla, seinare i den finansielle floppen «Superman Returns» frå 2006.

Men innimellom der arbeidde faktisk Tim Burton som regissør for ein merkeleg skrudd versjon av Supermann – «Superman Lives» – som skulle ha Supermann-fan Nicolas Cage i tittelrolla. Denne filmen har blitt diskutert mange gongar før, kanskje spesielt av Kevin Smith, som på eit tidspunkt var aktuell som manusforfattar.

For tida blir ein dokumentar om produksjonen ferdiggjort, «The Death of Superman Lives» der også Tim Burton snakkar om filmen, og i samanheng med Comic-Con har ein trailer blitt offentleggjort.

Det var kanskje like greit at Tim Burton holdt seg til Batmans mørke univers.

«Superman vs. Batman: Dawn of Justice» får premiere den 6. mai 2016. «Superman Lives» får aldri premiere – heldigvis.