Vi fikk aldri sett Alejandro Jodorowskys filmatisering av sci-fi-romanen «Dune». På lik linje med Terry Gilliams versjon av «Don Quixote» eller Terry Gilliams versjon av «Watchmen» eller James Camerons «Spider-Man» blei den for dyr, for stor eller på ein eller anna måta manglande.

Regissøren bak «Holy Mountain» og «El Topo» sikra seg rettane til Frank Herberts bok en gang på 70-tallet, med mål om å lage ei gigantisk filmatisering. Her skulle alle fra Mick Jagger og Pink Floyd til Salvador Dalì og H.R. Giger ta del.

Men akk, den blei borte i sanden – og i staden gjekk filmen over til en annen småabsurd filmskaper, David Lynch, som – trass nokre lysglimt, spesielt i dei utvida versjonane – laga ein film som eg stort sett hugsar for hårsveisen til Sting.

I dokumentaren «Jodorowsky’s Dune» søkjer Frank Pavich å fortelje historia om korleis filmen vart til – og kvifor den aldri vart til. Blant anna teikna teikneserieskaparen Jean «Moebius» Girard – teiknaren av «Inkalen» og ei rekkje andre sci-fi-teikneserier – over 3000 konseptbileter til filmen.

Via Indiewire har dokumentarskaparane no slept det som ville ha vore introduksjonen til filmen – eit langskot gjennom universet, skapt frå storyboardet til Moebius.