I 2010 laga «Star Wars»-fans frå heile verda ei fullstendig gjenskaping av «Star Wars Episode IV: A New Hope» ved å legge krav på kvar sin 15-sekunders snutt frå filmen, og spele den inn på sin heilt eigen måte til å bli «Star Wars Uncut».

Alt frå skuleungdommar med papprør, til animerte snuttar, til absurd dukkemakeri, til klipp med anstendig heimelaga produksjonsverdi fylte dei to timane – satt saman av ideskapar Casey Pugh. No har fanfilmen fått sin oppfølgjar, med ein fullstendig remake av «Empire Strikes Back».

Prosjektet mottok 2000 klipp til 480 scener, og dei utvalde versjonane er plukka av 20 dommarar som nok har sett frykteleg mange versjonar av Hoth før dei gjekk for sine favorittar.

Star Wars Uncut.
Star Wars Uncut.

Resultatet er ei sjarmerande reise inn i fan-land – staden der ein Toyota Camry er vel så bra som ein Star Destroyer, Ham Solo er laga av skinke, Darth Vader syng opera, og ein stormtrooper er korrekt antrukke så lenge han har noko som minner om hjelmen på hovudet.

Om du får nok av uoffisielle versjonar av Hoth, kan du jo ta ein kikk på tidlegare upubliserte bileter frå Finse – det verkelege Hoth – og historia om mannen som haldt Luke Skywalker og prinsesse Leia varme under innspelinga.