Den første «Sharknado» til SyFy plasserte seg godt – og skamlaust sjølvbevisst – i «så dårleg at det blir bra»-filmar, i likskap med klassikarar som «Mega Shark Vs. Giant Octopus» og liknande historier. Den handlar, ikkje overraskande, om ein tornado full av haiar.

– Enough said, for å sitere den første filmens slagord.

Filmen var laga av Asylum – selskapet som lager verdas dårlegaste filmar og er stolte av det – og med suksessen til den første – den var den mest sette reprisefilmen på SyFy nokosinne – var det utenkjeleg å ikkje lage ein oppfølgjar.

sharknado-2

Også den andre filmen i rekkja – med den nydelige undertittelen «The Second One» – handlar om haier i skypumper.

Helten frå den første filmen, spelt av Ian Zering (han høge blonde i «Beverly Hills 90210» som ikkje har gjort noko anna sidan, veit du) er framleis med, og støyter tydelegvis også på haiane denne gongen – blant anna i t-banesystemet i New York. Tara Reid (ho blonde i «American Pie» som ikkje har gjort noko anna sidan, veit du) er med òg denne gongen.

«Sharknado» er utelukkande tilgjengeleg på import-DVD/Blu-Ray her til lands, ikkje bli overraska om «Sharknado 2: The Second One» blir det same, sjølv etter TV-premiera i USA den 30. juli.