Åttande sesong av «Doctor Who» setjast i gang den 23. august, og som eit ledd i opplevinga skal BBC – som ved 50-årsjubileet – sende episoden «Deep Breath» på kinoar.

Som ved 50-årsjubileet skal også fleire norske kinoar (liste i botnen av artikkelen) sende episoden samtidig som BBC. Blant dei første bekrefta er Volda Kino, på initiativ frå blant anna animasjonslærer ved Høgskulen i Volda, engelskmannen Dave King – ein stor «Doctor Who»-fan.

«Doctor Who» stimulerar fantasien, det villeiande enkle konseptet tillet showet å reise kvar og når som helst i rommet, slik at historiene kan omhandle ulike element… mysterier, horror, historie, framtida, politikk, humor, romanse… og nokre gongar alt samtidig!

I den åttande sesongen av den nye «Doctor Who» – som satte i gang i 2005, etter nokre tiårs pause – er det Peter Capaldi («The thick of it») som tek over rolla som den tidsreisande Doktoren.

– Eg klarar ikkje å late vere å bli begeistra over ein eldre skodespelar i hovudrolla, noko som er litt risikabelt frå suksessen til dei to pene unge Doktorane, seier King, som gler seg til å sjå ein ny mann i rolla – som hittil har strekt seg over 13 ulike skodespelarar.

Peter Capaldi er ein skarp skodespelar, og eg håper at han skal gi litt meir krydder, litt meir bitt! Han blir nok neppe den giftige Malcolm Tucker-typen som nokre forventar, men han kjem nok til å riste TARDIS-en litt!

Episoden tek over der nyttårsepisoden «Time of the Doctor» slutta – med våre hovudpersonar i trøbbel like etter Doktorens regenerasjon frå Matt Smith til Capaldi.

Dei to førre doktorane – Matt Smith og David Tennant. (Foto: BBC)
Dei to førre doktorane – Matt Smith og David Tennant. (Foto: BBC)

Det er Steven Moffat – som samtidig står bak BBC-serien «Sherlock» – som er manusforfatter for Doktoren, som King meiner er ein positiv figur som passar for heile familien – ein helt han sjølv oppdaga som ung gut på 60-talet.

– For å parafrasere noverande showrunner, Steven Moffat: Programmets originale skaparar gav ikkje Doktoren laserpistolar og våpen, men i staden eit fartøy å utforske med, og to hjarter! Det seier mykje om figuren.

Her er kinoane som for augneblinken har bekrefta visning av den 75 minutt lange episoden «Deep Breath» den 23. august (lista vil bli utvida etter kvart):

  • Volda Kino
  • Drammen Kino
  • Fredrikstad Kino
  • Trondheim Kino
  • Oslo Kino
  • Bergen Kino
  • Kristiansand Kino
  • Askim Kino
  • Kilden Kino – Tønsberg
  • SF Kino – Stavanger
  • Edda Kino – Haugesund
  • Hønefoss Kino
  • Moa Kino – Ålesund
  • Bølgen Kino – Larvik

I tillegg veit me om fleire andre kinoar som er like rundt hjørnet med å bekrefte visningar. Forvent fleire oppdateringar i løpet av dei næraste dagane.

«Doctor Who» gjekk tidlegare på NRK her i Noreg, og er no å finne på Netflix.