Mykje har vore spekulert i korleis «True Detective» skal halde fram i andre sesong. Etter dei første 8 episodane med Matthew McConaughey og Woody Harrelson i hovedrollene har det hele tiden vært klart at sesong to skal byrje frå scratch – med nye skodespelarar, nytt plott, men mest sannsynlig over samme lest.

Manusforfatter Nic Pizolatto har vore vag medan han har skrive neste sesong, og har tidlegare snakka om tre hovudpersonar. No tyder manuslekkasjer (via The Wrap) frå agentbyråa at det er snakk om éin hovudperson, med fleire roller rundt den personen:

Første sesong fekk ein del kritikk for å ha vore ein pølsefest, og det har vore mykje snakk om at neste sesong skulle ha to kvinner i hovudrolla. Ifølgje den påståtte manuslekkasjen (som kan minne litt om den rundt Tarantinos «Hateful Eight») stemmer dette altså ikkje.

Ryktene har surra – og alle frå Brad Pitt til Jessica Chastain har måtte benekte at dei er kontakta for å bli med i serien. Tydeligvis er det først no at manus er sendt ut.

Pizolatto har ellers fortalt at sesongen vil finne stad i California:

– Ikkje Los Angeles, men nokre av dei mindre kjende stadene i California – og me skal prøve å fange ei viss psykosfærisk stemning rundt den staden, mykje likt det me gjorde i sesong 1, sa han for omlag éin månad sidan – som ein av dei få spesifikke fakta rundt andre sesong hittil.

Serien har enno ikkje fått offisielt grønt lys for ny sesong frå HBO, og vil i så fall returnere utan regissør Cary Fukunaga denne gongen. Kanskje det er like greit med éin person i sesong 2, så me ikkje berre får sjå sesong 1 i ny drakt? På den andre sida – tid er trass alt ein flat sirkel.

I Noreg kan «True Detective» sjåast på HBO Nordic og C More Series.