Du er ute og køyrer bil. Slapper av. Høyrer på den låta som blir spilt heile tida, eller på lokalnyheiter. Svippar forbi nokre reklameskilt, før du ser synet som møter deg i toppen av denne artikkelen.

Skiltet er for Guillermo del Toros tv-serie «The Strain», og ormen er ein sentral del i historia om eit vampyrvirus som spreier seg blant menneske. No bytter den amerikanske kanalen FX ut desse skilta.

– Me er i ferd med å erstatte sentrale bileter for «The Strain» på utandørsmedia fleire stader, skriver dei ifølgje Variety.

FX skal ha fått inn ei rekkje klager på skiltet. Blant dei meir offentlege var «Bad Neighbors»-regissør Nicholas Stoller – som nytta Twitter som utløp for kjenslene sine.

Kven veit kva FX bytter reklameskiltet til. Kanskje denne?

The Strain.

Ellereeeh…

The Strain.

Altsåååå…

The Strain.

Nei, kanskje ikkje…

Ellers ser tv-serien nokolunde slik ut:

Forresten, vi nordmenn har ingenting dei skulle ha sagt. På 90-tallet klaga norske bilistar på dette måleriet i Vang i Valdres – frå avisteiknar Herbjørn Skogstad – hakket meir politisk lada enn «The Strain»-promoen:

EU-kua i fra Vang i Valdres.

Korvidt budeie-Gro er meir støytande enn ein orm som går inn i eit auge får vere opp til kvar enkelt å bestemme for sin eigen del.

«The Strain» har amerikansk premiere den 13. juli, men har enno ikkje fått ein norsk kanal å vise seg fram på.