Det er sjølvsagt PR, men det er PR med godt hjarte – så me let det gå. Zack Snyder, regissør på «Batman v. Superman: Dawn of Justice», og J.J. Abrams, regissør på «Star Wars: Episode VII» har nerda med kvarandre på Twitter det siste halvåret.

Etter at det gjekk nylege rykter om at Batmobilen vart stolen frå settet på sueprheltfilmen, la Zack Snyder ut eit bilete av ein stormtrooper som vart arrestert av Gothams politistyrker. No har Abrams og Bad Robot sluppe sitt svar.

I ein liten kikk frå filmsettet, på eit av sci-fi-filmseriens ikoniske romskip – Millennium Falcon – dukkar det opp ein interessant detalj. I greeblinga på romskipet er det rett og slett ein liten modell av Batmans køyretøy frå den nylege «Dark Knight»-trilogien.

Korvidt den blir hengande der på sjølve filmen er neimen ikkje sikkert, men kvifor ikkje? Abrams har gjort liknande ting før; I båe «Star Trek»-filmane sneik han inn androiden R2-D2 i bakgrunnen i store scener.

R2-D2 i båe av J.J. Abrams «Star Trek»-filmar.
R2-D2 i båe av J.J. Abrams «Star Trek»-filmar.