Greit, Vince Vaughn, Colin Farrell og Taylor Kitsch på plass. Og Rachel McAdams skal vere like rundt hjørnet.

Men det skal sjølvsagt fleire nye figurar inn i andre sesong av «True Detective» enn hovudpersonane – ettersom historia held fram ein anna stad, med andre fokus – og no er fleire skodespelarar på veg, melder Deadline.

Dei fire er Kelly Reilly («Black Box»), Michael Irby («Almost Human»), Abigail Spencer («Rectify»), og Leven Rambin («Hunger Games»).

Reilly skal visst spele den stabile Morgan, Irby skal spele Elvis – mannen til McAdams rollefigur – Spencer skal spele valdtektsofferet Alicia, og Rambin skal spele ein lokal skjønnheit med eit narkotikaproblem.

Ifølgje manusa som har lekt ut skal andre sesong fokusere mindre på det mogeleg overnaturlege enn i den prisbelønte førstesesongen – og blir flytta til California. Handlinga skal foregå i etterforskinga rundt drapet på ein korrupt byrådsleiar, og i oppnøstinga rundt kvifor han døydde dagen før ein stor transportplan skulle underskrivast.

Serieskapar Nic Pizzolatto har bytta ut regissør Cary Fukunaga frå første sesong, og samarbeider i staden med blant anna «Fast & Furious»-regissør Justin Lin.

Serien vil kome attende sumaren 2015, og i Noreg har serien blitt vist på HBO Nordic og C-More Play/Series.