Filmen basert på «Uncharted»-spela har brukt årevis på å kome seg til kinoen, nesten merkeleg lenge for ein spelserie som har fått mykje omtale for å vere cinematisk.

I mellomtida har ein norsk-dansk produksjon laga ein fanfilm basert på den første scena i det første spelet – som no får skryt av spelskaparane i Naughty Dog.

«Uncharted: Ambushed» er regissert av norske Martin Sofiedal, og vart spelt inn i 2012. Hovudrolla som Nathan Drake innehas av danske David Owe. Mykje av kortfilmen foregår i ein båt i det som skal forestille Panama, men den vart eigentleg spelt inn på Aker Brygge – med lågt budsjett, og utan særlege forhåpningar for profitt:

– Det er ingen som har tent eller kjem til å tene noko på denne filmen. Det er jo strengt talt ikkje lov heller når ein «låner» frå andres åndsverk, har regissøren sagt til Spill.no.

Fanfilm har en lang tradisjon som dugnadsdrivne filmar med lite pengar, men mykje sjel. Og akkurat det skin gjennom også her.

Om du ikkje har spelt spelet, eller kjenner til historia kan du her sjå scena som Sofiedal, Owe og co. etterskaper:

I mellomtida har den offisielle filmversjonen av «Drake’s Fortune» komt litt nærare release. Tidlegare i sumar fekk filmen premieredato sumaren 2016, regissert av Seth Gordon («Horrible Bosses», «The King of Kong»). Dette er etter å sidan 2010 ha vore innom regissørar som David O. Russell og Neil Burger.

Hittil er ingen skodespelarar offisielt tilknytt prosjektet i hovudrolla som Nathan Drake, men David Owo leverer vel på sett og vis ein bra søknad her – sjølv om han held seg til sitt danske talemål.

For dei som føretrekk Nathan Drake i sitt fødde element, kjem spelet «Uncharted 4: Thief’s End» i 2015, frå blant andre Christophe Balestra og Josh Scherr.