Steven Soderbergh («Ocean’s Eleven», «Sex, Lies and Videotape», «Magic Mike») pensjonerte seg frå filmverda i 2013, men har endt opp med å vere han gamlingen som tek på seg ekstravakter heller enn å nyte livets haust i sumarvarmen.

Etter at han i fjor «trakk seg tilbake» då «Mitt Liv med Liberace» hadde gjort runden på Oscar og Golden Globes, har han derimot heller skrudd opp intensiteten. Sist ut er nyheita om at filmen «The Girlfriend Experience» skal bli tv-serie.

Filmen handla om luksesprostituerte Chelsea (Sasha Grey), som spesialiserar seg på «The Girlfriend Experience» (GFE), altså å i alle hensyn framstå som ein kjærast. No er det Starz – som blant anna står bak «Black Sails» og «Magic City» – som har bestilt ein 13-episoders sesong av det same konseptet.

– Serien siktar mot å gå djupare inn i dei større spørsmåla rundt forhold, og kor langt GFE-verda – som kan ta opptil 2000 dollar i timen – er frå meir tradisjonelle romantiske forhold, seier pressemeldinga (via Variety).

Det er ikkje venta at Sasha Grey eller nokon av dei andre skal returnere i sine roller – serien er beskriven som ein antologiserie som følgjer ei kvinne i ein hittil ikkje kjend by.

Om dette er ein «Fargo»-effekt eller ikkje gjenstår å sjå, men det er ikkje tvil om at fleire filmar vert omskapt til tv-seriar for tida.

Manusforfattar er Lodge Kerrigan («Clean, Shaven» og «The Americans») som òg skal regissere saman med Amy Seimetz, som spelte i fjorårets spennande «Upstream Color». Soderbergh skal produsere tv-serien.

Alt dette medan han no førebur å filme og redigere «Magic Mike»-oppfølgjaren og leggje siste hand på verket for «The Knick», som han regisserer for Cinemax/HBO med Clive Owen i hovudrolla. Den får premiere på C-More i Noreg den 9. august.

– Filmer betyr ikke like mye lenger, sa Soderbergh i 2013.

Pensjonisttilværelse, du liksom.