Endeleg kan eg slutte å pynte på sanninga på CV-en min og føre inn «årevis med kjennskap til ulike strøymetenestebibliotek av timelange zappeperiodar for å finne noko å sjå på». Eg må berre flytte til England først.

I ei jobbannonse på nettsidene sine (via Uproxx) skriv Netflix at dei treng ein «tagger» – nokon som kan sjå gjennom innhaldet og legge det i pinlig nøyaktige kategoriar. Du veit, «Oscar-vinnende visuelt sterke filmer frå 1970» og «Latin-amerikanske filmer om forbudt kjærlighet», «Kanadiske hevnhistorier», og slikt.

Og, sidan dei er Netflix, så er det sjølvsagt ein trailer for slikt.

Arbeidet består i «fleksible timar med arbeid heimanfrå, som vil passe dei med ein pasjon for film og TV-program», ifølgje annonsa, som krev at den som får stillinga kan bryte ned filmane til objektive kategoriar.

I januar i år hadde Netflix heile 76 897 unike måtar å beskrive en film på, så det bør være nok arbeid å ta av.

Denne stillinga er eksklusiv for Storbritannia og Irland – og dermed også berre for britisk innhald – og kan også bety at personen må vere konsulent for Den Britiske Smak dersom Netflix skulle trenge noko slikt.

I alt er det 40 slike «Content Taggers» rundt om i verda, og Netflix planlegg å utvide tanken etter kvart – det er difor ikkje utenkjeleg at dei med tida ser etter nokon med kompetanse på norsk film og tv.

Høyrest det ut som noko for deg?