Tidlegare i år satte Netflix opp prisen med 10 kroner for nye kundar, slik at du måtte betale 89 kroner for å kunne sjå på den same kontoen samtidig på to skjermar. No endrar dei igjen på abonnementsordninga si, med eit valg til 119 kroner – til deg som har ein tv som taklar 4K.

4K, som selskapet også kallar Ultra HD, får dermed gull, sølv og platina-medlemskap med ulike variablar for kvar. For 119 kroner kan du altså få den kraftigaste kvaliteten Netflix har å by på, og mogelegheita for å sjå på 4 skjermar samtidig.

Ultra HD-innhaldet inkluderar blant anna «House of Cards», «Breaking Bad», «Smurfene 2» og diverse andre filmar og seriar.

Så om du er ein av dei få som har skaffa deg ein 4K-TV, kos deg.

4K-oppløsning, 2K, 1080p, 720p, DVD, VCD.
«Då de var små, måtte bestefar sjå filmar på ein skjerm med dårlegare oppløysing enn fingerneglskjermane dykkar. Dei kalla det DVD!» «Woooooow!» (Foto: Wikimedia Commons)

Netflix står allerede for 20 prosent av nett-trafikken i Noreg – og 60 prosent av totalen går til videostrøyming – ifølgje NRK. Tenk kva som hender om 4K-video tek av – frå ukomprimerte filer som tek opptil 45 megabyte per ramme?

Amerikanske «The Girl With the Dragon Tattoo» av David Fincher var den første filmen som vart produsert i 4K – filstørrelsen ukomprimert er like over 10 000 gigabyte – noko som gjer til at nokre (til dømes i 2010) har kalla det hovudsakleg ein våt draum – hovudsakleg fordi det krevjer ein enorm informasjonsstraum.

4K-Blu-Rayen er på veg, og vil bli lansert i løpet av 2015, ifølgje Cnet. Dette er det første fysiske media som kan spele av 4K, og det vil krevje nye spelarar for å kunne spele av dei store mengdene data.

(Og 8K er allereie på veg.)