Kunstige språk – såkalte conlangs (constructed languages) – er ein hobby for spesielt interesserte. Tradisjonelt sett har det vore Tolkiens alvespråk, og klingonsk frå «Star Trek» som har vore populære – men etter kvart som tv-seriar og andre underhaldningsprodukt ser verdien av ei levande verd å dykke inn i har det blitt stadig fleire.

Blant dei større dei siste åra er tv-serien «Game of Thrones» – som har utvikla fleire språk basert på snuttane frå George R.R. Martins bøker. Blant desse er dothraki, språket som hesteherren Khal Drogo truar sine fiendar med.

Og no kjem sjølvsagt språkkurset basert på «Game of Thrones»-språket. Kurset vart lansert under årets Comic Con – kvar ellers? – og du kan få ein liten smakebit her:

Det er David J. Petersen som står bak språket, som er inspirert av blant annet arabisk, russisk og swahili. Han har også laga valyrisk for tv-serien, samt blant anna mørkalvspråket Shiväisith til svartalvane i «Thor: The Dark World».

– Språksystemet har ikkje ord for t-bane og mobiltelefonar og fly, men om du vil på restaurant og bestille alle pølsene dei har, vil du kunne gjere det etter å ha fullført kurset, seier Living Language-sjefen Peterson til CNN.

Ordet «takk» finst derimot ikkje i det dothrakiske språket, då må du i staden seie «San athchomari yeraan!» som tyder «Mykje ære til deg!».

Det blir litt som i klingon, der du i staden for å seie «Eg elskar deg», må seie «qamuSHa» eller «Eg u-hater deg!». Romantisk.

Dothraki har 3 800 ord – basert på dei rundt 60 orda ein kan lese i boka – og i språkkurset skal det vere mogeleg å lære 200 av dei mest sentrale orda, samt uttalen.

Dermed kan du endeleg sjekke opp folk av ditt foretrukne kjønn med setningar som «M’athchomaroon, zheana!» som blir noko slikt som «Heisann, du vakre!».

«Kan eg få spandere ein øl/hest/kniv på deg?» kjem garantert seinare i kurset.