Det dukkar stadig opp fleire bileter frå produksjonen på Zack Snyders «Batman v. Superman: Dawn of Justice» – oppfølgjaren til fjorårets «Man of Steel».

Og der dei fleste er ganske streite, litt mørke og gritty promobilete av Batman, Batmobilen, Supermann eller Wonder Woman, så dukka det i natt opp noko litt anna (i toppen av saka).

Ok, politimann, politibil, batmobilen… og ein storm trooper frå «Star Wars»?

Innerst inne håper me at dette er ei referanse til «Troops» – ein av dei første og største fanfilmane frå «Star Wars»-universet – ein parodi på «COPS», berre med dei ikoniske kvitkledde soldatane i staden.

Dette er ikkje første gangen Snyder har hinta til «Star Wars»-universet. Under Comic Con lot han Henry Cavill stille i sith-kappe, med lyssverd og superheltdrakta under.

Seinare tweeta han Batman og R2-D2 på tur i ørkenen – ein film vi for øvrig ville ha betalt gode pengar for å sjå.

Deretter svarte Bad Robot – Abrams sitt produksjonsselskap – med C-3PO som Batman:

Visstnok er dette berre ein Hollywood inside joke mellom Snyder og Abrams, som ikkje har noko med det merkelege ryktet for halvanna år sidan at Snyder skulle remake Akira Kurosawas «De syv samuraier» som ein av «Star Wars»-spinoff-filmane.

Om ein følgjer med på Twitter-kontoen til Bad Robot, så vil det nok dukke opp noko der etter kvart.