Det «Lilyhammer» er for Noreg, er «Knight of Sidonia» for Japan. Sånn omtrent.

Altså, misforstå meg rett – den japanske animasjonsserien om mecha-roboter, aliens, verdsrommet, og kameratslig samhold handler på ingen måte om gangstere på den norske landsbygda, men det er den første japanske originalserien til Netflix.

Historia omhandlar romskipet Sidonia og dets 500 000 innbyggjarar. Spesifikt er det hovudpersonen Nagate, som arbeider i underklassen og trener til å bli robotpilot. Animeserien er ein adapsjon av Tsutomu Nihei sin teikneserie med same namn.

«Knights of Sidonia» er omtalt som Netflix’ første originale animeserie, men den siste episoden gjekk på japansk tv allereie førre veke. Det er ikkje så nytt i seg sjølv – nemnde «Lilyhammer» og Ricky Gervais’ «Derek» har òg gjort det same – skilnaden er her at Netflix har kontakta produksjonsselskapet Polygon direkte, i staden for kanalen serien har gått på.

Anime er større i den amerikanske utgåva av Netflix enn den norske, men kanskje dette kan vere eit teikn på at strøymetenesta vil utvide innhaldet også i den delen av marknaden – etter å stort sett ha fokusert sine originalseriar rundt komedier og drama?

Netflix har òg arbeidd med ein amerikanskdubba versjon av serien – for dei som hatar slikt, er den òg tilgjengeleg på japansk – hvis alle 12 episodar vart sluppe i dag 4. juli.