I oppladninga til sin komande film «The Judge» har Robert Downey Jr. også brukt litt tid på å snakke om sine komande eskapadar som superhelt. Kjend som han er for å blant anna spele Iron Man i Marvels teikneserie-filmunivers, er det kanskje ikkje så rart at rykteboksen då er full av snakk om «Iron Man 4».

No har nokon kome til ryktets harde kjerne. Marvel ladar opp til å kaste superheltane sine inn i borgarkrig, den såkalla «Civil War»-historielinja, ifølgje Variety.

I teikneseria set historia superheltane mot kvarandre – især Captain America og Iron Man, som tek kvar si side i kampen om korvidt superheltar skal kunne ha hemmelege identitetar eller ikkje. Iron Man er open om sin identitet som milliardær og superhelt, medan Captain America ynskjer å gjere det mogeleg å halde det skjult.

Captain America mot Iron Man. (Foto: Fan art)
Fan arten har allereie byrja å dukke opp.

Dette skal visst starte i den tredje «Captain America»-filmen, som kjem mai 2016. Downey Jr. skal ikkje ha signert kontrakta enno, men det er iallfall tett nok på til at han har hinta til det offentleg:

– Det er ein plan, og dei er veldig hemmelegheitsfulle, men det blir ‘andre ting’. Eg skal gjere ‘andre ting’ med Marvel, sa han på Letterman Show i førre veke.

Historia om heltane i intern krig mot kvarandre kan vere ein god idé for Marvel, om ikkje anna for å rokke litt ved lagdynamikken i serien – i staden for berre finne nye, stadig større skurkar, slik formelen stort sett har vore til no.

Teikneserieversjonen av handlinga tilførte litt fleire gråsoner i ei ellers ganske svart-kvit framstilling av ondskap og godskap, men korleis det vert gjort i filmen er meir usikkert. Visse smådetaljar, som at skurken Ultron i «Avengers 2: Age of Ultron» (mai 2015) i filmen er eit av Iron Mans vitskapeleg eksperiment gone-bad, er endra frå teikneseriene.

Noko anna interessant er at Variety viser til at det nesten ikkje vart «Civil War» i det heile teke, fordi Robert Downey Jr. krangla om å få ei større rolle i det ferdige manuset – som førte til at Marvel-sjef Ike Perlmutter kutta han heilt ut.

Igjen skal det ha vore Kevin Feige (tidlegare referert til som Marvels hemmelege våpen) som redda situasjonen.

Spider-Man i nærkamp med andre superheltar. (Foto: Marvel)
Spider-Man i nærkamp med andre superheltar. (Foto: Marvel)

Den siste tidas ryktemakeri har også blant anna gått på at Spider-Man til slutt vil ende opp som ein superhelt i Marvel-filmane, og ikkje i sitt eiget univers under Columbia Pictures. At «Civil War»-historielinja no er på planane kan styrke denne teorien, ettersom edderkopphelten er ei sentral brikke i historia.

Dette må dog takast med enorme klyper salt.

Korleis dette skal knytast opp mot tv-serieplanane er framleis usikkert. I teikneseria førte hendingane til at Iron Man vart direktør over agentorganisasjonen S.H.I.E.L.D., som allereie har sin eigen tv-serie hjå NBC (i Noreg på Viasat 4).

I mai til neste år startar «Daredevil»-serien opp – som den første av fleire seriar hjå Netflix – som også skal vere knytt til det større superheltuniverset me alt har sett i filmane.

Inntil vidare har Marvel bekrefta superheltfilmar fram til 2019.