Ved sidan av filmane sine er Kevin Smith («Clerks», «Dogma», og så vidare) nok best kjend for å vere blant Hollywoods største nerdar.

Blant anna er han ein stor, stor «Star Wars»-fan – noko som til dømes viser seg i ei stor samling av samleobjekt, mange samtalar i podcasten sin, og lange scener i filmane hans – som denne:

og denne:

Filmskaparen er også kjend for å vere glad i å snakke, og stor i kjeften.

Det kan dermed umogeleg ha vore lett for han når han nyleg – i kraft av å vere ein stor fan – fekk lov til å ta turen innom settet for «Star Wars: Episode VII», utan å ha lov til å seie eit ord.

Dermed vart dette Instagram-biletet resultatet:

Våte auger, rennande nase, og ein subtil tommel-opp er med andre ord Smiths bedømming av korleis kulissene og settet rundt filmen ser ut – så får vi vente til litt nærmere desember 2015 med å bedømme hvordan filmen blir.

(Er det merkeleg at eg vart litt rørt?)