«Minecraft» er eit fantastisk spel, med nesten uante mogelegheiter for kva du kan byggje og setje saman. I Xbox 360-versjonen av spelet har Duncan Parcells, ein kunststudent, laga ein heil by – brikke for brikke – i løpet av to år.

– Alle blokkene vart plassert for hand på kartet. Og ikkje ver bekymra, eg brukte ikkje to år på å byggje det, det er berre to år sidan eg starta. Eg har vel brukt nokre veker på byggjinga, mange har spelt meir «Call of Duty» enn eg har spelt «Minecraft», seier han på Reddit der han også har lagt ut denne videoguiden.

Til trass for at dei mest populære videoane frå spelet stort sett held til på Youtube, så kjem «Minecraft: THE MOVIE» stadig nærare kinoen. Shawn Levy («Night at the Museum», «Real Steel») skal mest sannsynleg regissere filmen, meldte Deadline i natt.

Filmrettane til den svenske spelsuksessen vart kjøpt inn av Warner Bros. og «Lego-filmen»-produsentane tidlegare i år.

Ein film om eit leiketøy utan historie der du bokstaveleg talt byggjer di eiga verd fungerte for Lego – godt hjulpe av regissør-manusforfattar-kompanjongane Phil Lord og Chris Miller – men hittil har dei ikkje vist fram noko av kva filmen handlar om, eller korleis dei vil takle opphavsmaterialet.

Det einaste Warner Bros. har hinta til tidlegare er at det ikkje vil vere ein animasjonsfilm.

Kanskje «big city life» i Duncans by kan vere eit utgangspunkt?

Minecraft - Titan City
These vagablock shoes, are longing to stray – into the very heart of it, Titan Cityyyyyyy! (Foto: Duncan Parcell)