Har eg ikkje før forsøkt å kåre dei beste trailerane i 2011, så kjem Ridley Scott farande igjen. Greit nok, så var ikkje det førre prosjektet hans så spennande (faktisk så lite spennande at eg berre gidd å ofre det ein anonym link), men sci-fi-filmane hans («Alien», «Blade Runner») har alt gitt ei heil verd håpet om ein dag å få lysande paraplyar, så der har me vel berre gode lovnadar å hente.

«Prometheus» var først sagt å vere ein slags prequel til «Alien»-filmane, før det så ikkje var det, før det atter ein gong var ein slags prequel. Filmen skal fortelje meir om historia til kjemperasen ein såg i ei scene frå styrerommet til det store skipet i «Alien», populært kalla space jockeyen.

Etter å ha sett traileren éin gong er førsteinntrykket at eg vil sjå den igjen.

Når det einaste stabile elementet i traileren er den saktegåande avdukinga av filmens tittel, og alt anna er kjappe klipp må den sjåast eit par gongar for å gi deg mogelegheita til å ta inn alt.

I alt kan ein vel seie at den er meir stemningssetjande enn avslørande.

Men sjølv om miljøet minnar sterkt om dei tidlegare «Alien»-filmane har Ridley uttalt til Filmophilia (for øvrig eit veldig godt intervju) at dei velkjende
xenomorphane ikkje vil vere med denne gongen. Filmens hovudfiende vil altså vere ein anna enn chestbursteren frå 1979-filmen.

Andreinntrykket — ved sidan av at brummande tromboner enno ikkje har gått av moten som spenningsbyggjar, halvanna år etter «Inception» — er den særs klisjéfylte taglinen:

«They went looking for our beginning. What they found, could be our end.»

Her følgjer taglinen til tre meir eller mindre kjende sci-fi-filmar:

«Butterfly Effect»: It will all end in the beginning.
«Matrix Revolutions»: Everything that has a beginning has an end
«Star Trek: The Wrath of Khan»: At the end of the universe lies the beginning of vengeance.

Når eg så kastar inn ein Oscar-nominert dramafilm, bør sanninga openbare seg:

«The End of the Affair»: The end was just the beginning.

Det kan vere han er stormannsgal nok til å gi blaffen i klisjéar — «Alien»-taglinen «In space no one can hear you scream.» er trass alt kåra til tidenes beste — men end/beginning-ordleik er litt vél slitt no? Mest sannsynleg prøvar Scott å hinte til ein større samanheng i «Alien»-universet.

Tredjeinntrykket er at dette trass alt er ein liten teaser heile seks månader før filmen kjem, og at Scott sikkert kjem til å stå for eit stadig dropespel av oppdateringar fram mot lansering.

Kor direkte er «Prometheus» knytt opp mot «Alien»? Er planetene i «Prometheus» og «Alien» same? Plukka mannskapet på Nostromus opp eit naudsignal frå Prometheus allereie i 1979? Akkurat no er det berre Ridley Scott, og resten av folka bak «Prometheus», som veit det heilt sikkert.

Trass klisjefylt tagline klarar eg ikkje å late vere å glede meg. Kanskje eg til og med gler meg meir til denne enn til The Dark Knight Rises?

Prometheus har noregspremiere den 1. juni 2012.