Etter «Reprise» og «Oslo, 31. august» skulle regissør Joachim Trier og medmanusforfatter Eskil Vogt setje i gang med «Louder than Bombs» – deira første engelskspråklige film, med blant andre Jesse Eisenberg («The Social Network») i hovudrolla.

Men etter pengetrøbbel i fjor vart produksjonen stansa midlertidig – med stor fare for å miste Eisenberg. I løpet av sumaren har plakatar med Eisenbergs ansikt dukka opp i New York med jakt etter born til ein filmproduksjon.

I dag melder blant anna Screen Daily at filmen har satt i gang produksjonen – med hovudrolleinnehavaren intakt.

Jesse Eisenberg, Isabelle Huppert og Gabriel Byrne skal også spille i filmen.
Jesse Eisenberg, Isabelle Huppert og Gabriel Byrne er allerede bekreftet for «Louder than Bombs».

Frå før har det vore klart at Isabelle Huppert («Pianolærerinnen») og Gabriel Byrne («In Treatment») skal spele foreldra – no er i tillegg Amy Ryan («Gone Baby Gone»), David Strathairn («Good Night and Good Luck») og nykomaren Devin Druid («Louie») med i produksjonen.

– Eg er utruleg letta og glad over at eg både får arbeide med nokre av mine favorittskodespelarar, men òg at dei passar så bra til rollene slik dei er skrivne. Det er ikkje lett å finne så talentfulle folk som òg passar saman som ei familie, sa Trier til Filter i fjor.

«Louder than bombs» handlar om Gene og hans to søner, og korleis dei taklar tapet av mora – familiens matriark. Når ei foto-utstilling med hennar bilete vert satt i gang tre år etter dødsfallet, må dei møte sin oppfatning av ho på nytt.