Sidan «X-Men Origins: Wolverine» kræsja i 2009 vart filmen om bifiguren Deadpool litt mindre sannsynleg. I filmen vart rolla spela av Ryan Reynolds, som etter «Green Lantern»-floppen gjorde ein film om den galne superhelten endå mindre sannsynleg.

Men – som i teikneseria – Deadpool er ein vanskeleg mann å drepe. No bekrefter Fox at dei skal lage ein film om Wade Wilson – The Merc with a Mouth, ifølgje THR.

Etter at ei testscene frå manuset som har sirkulert sidan 2009 lekka på internett i sumar, gjekk visst interessa kraftig opp igjen:

Deadpool er blant eit lite mindretal av superheltar som veit at dei er teikneseriefigurar. Dermed er historiene om han fylt med bryting av den fjerde veggen – og referansar til historieklisjear, ting i vår verden, og leiking med teikneserieelement – noko forfattarane gjerne har det veldig morosamt med.

I teikneseria er han ein leigesoldat som fekk operert inn eksperimentelle eigenskaper som gav han evig helbredingskraft (og gjorde han gal), i «X-Men: Origins» var han ein rappkjefta snikmordar som vart manipulert til å bli eit monster med krefter frå mange ulike superheltar.

Ryan Reynolds er framleis rykta om å få hovudrolla – noko han for så vidt vil passe godt til – men ifølgje Hollywood Reporter er ikkje avtalen i boks enno.

Heilt kva veg filmen tek handlinga er usikkert, men «Deadpool» vert regissør Tim Miller sin spelefilmdebut, etter at han har arbeidd med visuelle effektar på blant anna «Scott Pilgrim vs. The World», og gitt ut den søte sci-fi-kortfilmen «Rockfish»:

I eit nyleg intervju snakka Reynolds om rolla, og ytra ynskje om å framleis spele Deadpool, samt snakka om kva internett-merksemda rundt lekkasjen av det øvste klippet har gjort for filmen.

– Filmen har vore i limbo ei stund. Det var slik ein kraftig reaksjon på scena, eg kjende det som: ‘Åh, så me var ikkje gale for å elske denne figuren, denne rolla. Det er interessant å sjå krafta internett kan ha, seier han til Niagara Falls Review.

– Det er fryktinngytande, eigentleg. Og det er kult at Twitter og Facebook og Instagram kan flytte fjell når det vert brukt på rett måte.

Fox planlegg premiere for filmen den 12. februar 2016 – som ikkje nødvendigvis er ei tillitsmerking. Det kan iallfall tyde på at det ikkje er blant dei største filmane til studioet, når dei legg premieredatoen til den amerikanske dødtida like etter julefilmane fell av kinoane.

Men det kan sjølvsagt også vere fordi hovudsuperheltane til Fox, «X-Men» også dukker opp i 2016, med oppfølgjaren til nylege «Days of Future Past», «X-Men: Apocalypse».

I same slengen utsatte dei filmatiseringa av «Assassin’s Creed»-spelet, med Michael Fassbender i hovudrolla, til sumaren 2016 – visstnok som følgjer av manustrøbbel.

Om du lurar på kvar tittelen til denne artikkelen kjem frå, så er det eit utdrag frå ein av gongane Deadpool yppa til bråk med Wolverine:

Fighty time, fighty time, blood blood blood! Deadpool er ikkje heilt frisk, stakkar.
Fighty time, fighty time, blood blood blood! Deadpool er ikkje heilt frisk, stakkar.