Den tredje filmen med skodespelarane Jennifer Lawrence og Bradley Cooper i sentrale roller er endeleg på veg til kinoane. «Serena», basert på boka med same namn, starta innspeling allereie i 2012, og har nytta nokre år på å kome hit – men no er den første traileren her.

Det er danske Susanne Bier som står bak filmen, kjend for dialogtunge skarpe drama som Oscar-vinnaren «I en bedre verden» og «Brødre».

«Serena» er hennar første engelskspråklege film, om eit businesstungt ektepar i den amerikanske tømmerbransjen på 30-talet – og galskapen som oppstår i kjølvatnet av det.

Bier er ein fantastisk regissør, om du ser på filmane hennar kan du sjå kor mykje kjensler ho bringer til figurane i filmane sine. Eg lærte mykje av å arbeide med ho, og eg trur Jennifer også fann gleda i å vere ein del av denne typen historie, sa Cooper til South Jersey Magazine i august.

Bradley Cooper og Jennifer Lawrence i «Serena».
Bradley Cooper og Jennifer Lawrence i «Serena».

Filmen starta innspeling allereie før Lawrence og Cooper dukka opp i «Silver Linings Playbook», som håva inn Oscar-nominasjonar og blant anna ein pris til Lawrence som beste skodespelar. I fjor dukka dei også opp i «American Hustle» med same regissør.

Suksessen til David O. Russel-filmen frå 2012 skal vere litt av årsaken til utsetjinga. Det har ikkje vore nokre offisielle fråsegn frå dette, men i The Hollywood Reporter har ei påstått kjelde frå produksjonen sagt at Bier var veldig perfeksjonistisk, og følte presset frå «Silver Linings Playbook»:

– Vi hadde ikkje lyst til å vere den ok versjonen av Jennifer Lawrence-Bradley Cooper-paret.

«Serena» skal visast på BFI London Film Festival i oktober (saman med blant anna «Jakten på Berlusconi»), og er visst tiltenkt ei premiere mot slutten av året. Noko nærare norsk dato er ikkje på plass enno.