Ikkje for å legge press på nokon, altså, men «Tomorrowland» er filmen Brad Bird – regissøren bak «The Incredibles», «The Iron Giant», og «Ratatouille» – takka nei til å regissere «Star Wars» for.

I mai i fjor bekrefta han til THR at han hadde blitt spurt om jobben som J.J. Abrams seinare fekk, men at det betydde at han måtte gi «Tomorrowland» til nokon andre.

– [«Star Wars»-produsent Kathleen Kennedy og George Lucas] kom til meg og spurte, men tidsplanen dei tenkte på gjorde det umogeleg, med mindre eg la frå meg «Tomorrowland». Eg elskar «Star Wars»-filmane, og eg gler meg til å sjå kva J.J. gjer, men eg føler at med denne så lagar me noko som er verkeleg spesielt og unikt.

Filmen følgjer Casey Newton (Britt Robertson) som slepp ut av fengsel. Saman med hennar eigedelar er ein pins ho ikkje kjenner igjen. Den viser seg å vere ein portal til ei anna verd, Tomorrowland.

George Clooney i Tomorrowland.
Kva? Speler George Clooney ein veldig smart veteran med eit glimt i auget?

Frank Walker (George Clooney) er det tidlegare unge geniet – no ein desillusjonert oppfinnar – som har vore der før. Han vart kasta ut av Nix (Hugh Laurie), som styrer det teknologisk drivne samfunnet.

– Imagine a place where nothing is impossible, seier filmens tagline – og det første ordet i den setninga er nok grunnen til at vår hovudperson har John Lennon på t-skjorta si.

Manusforfattar er Damon Lindelof («Lost») som har utvikla prosjektet saman med Brad Bird. I ei verd der gode regissørar blir snappa opp til store, kjende franchiser (som, nettopp, i «Star Wars»: Gareth Edwards, Josh Trank og Rian Johnson) er det gøy å sjå at Bird gjer si greie med nye prosjekt.

Og heilt ærleg: eg fekk frysningar då eg såg traileren.

«Tomorrowland» får amerikansk premiere 22. mai 2015, noko nærare norsk dato er ikkje satt enno.

Tomorrowland - plakat.
Tomorrowland – plakat.